Semesters
IPA209 Juridiske emne
IPA111 og IPA112 eller tilsvarande
I arbeidet med offentlege eller privatrettslege forvaltningsoppgåver møter ein aktørar og saker som reiser ulike rettslege problemstillingar. Desse rettslege problemstillingane kan skape utfordringar for både den som skal behandle saka, for gjeldande organ eller institusjon, og ikkje minst for berørte borgarar. Dette emnet vil gi opplæring i handtering av dei rettslege sidene ved nokre av desse problemstillingane innanfor rettsområda forvaltningsrett og planrett.
Emnet har tre fordjupingsområde;
- Forvaltningsretten gir studentane ei fordjuping i rettsmiddelomgangen i forvaltningsprosessen (klage og omgjering). Sentrale problemstillingar vil vere klagekompetanse og klagegjenstand, samt materielle og prosessuelle reglar knytt til handsaming av klager, og spørsmål om omgjering av vedtak.
- Naturressurs- og miljørett vil ha ei fordjuping i rettreglane knytt til utfordringar for naturmiljøet og uttak og bruk av naturressursar.
- Planretten har fokus på rettsreglar for statleg og kommunal planlegging. Sentrale emne vil vere korleis dei ulike planorgana skal opptre i samband med utarbeiding av ulike planvedtak (statlege, kommunale og private), konsekvensutgreiingar og verknadane for ulike grunneigarar av ulike typer planvedtak. I dette inngår også ei grunnleggande innføring i jussen si regulering av ulike typer eigarforhold for fast eigedom.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap og forståing for ulike rettslege problemstillingar innanfor fagområda forvaltningsrett, naturressurs - og miljørett, og planrett.
Studenten har ferdigheiter når det gjeld å finne, vurdere og henvise til informasjon og relevant fagstoff. Studenten kan også analysere ulike problemstillingar innanfor dei rettsområda som inngår i emnet, og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling.
Studenten kan utføre saksbehandling, formidle sentralt sentalt fagstoff i form av teoriar, og drøfte sentrale juridiske problemstillingar munnleg og skriftleg.
Det blir lagt opp til tradisjonell undervisning i form av forelesingar og seminar. E-læringsverktyet Fronter blir bruk som støtte til undervisninga.
Forkunnskaper i juridisk metode og forvaltningsrett tilsvarande 1. året i bachelorgraden er ein føresetnad for at studentane skal kunne ha godt fagleg utbytte av undervisning og rettleiing i dette emnet.
Ingen.
Emnet blir evaluert i samsvar med gjeldande reglar ved HVO
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 2 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |