Semesters
- 2023 Autumn
- 2023 Spring
- 2022 Autumn
- 2022 Spring
- 2021 Autumn
- 2021 Spring
- 2020 Autumn
- 2020 Spring
- 2019 Autumn
- 2019 Spring
- 2018 Autumn
- 2018 Spring
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
IPA302KOMP Prosessleiing og prosjektdesign
Ingen.
Formålet med emnet er å gi studentane kompetanse i korleis dei kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar for å løyse utviklingsoppgåver i ulike samanhengar.
Brei deltaking og medverknad frå brukarar og borgarar blir i dag rekna som ein føresetnad for vellykka utviklingsarbeid både i samfunn og i organisasjonar. Emnet har som utgangspunkt at slik deltaking krev bevisste val av arbeidsformer og -metodar, som idedugnad, kreativ problemløysing osv., for å skape prosessar som fremmar demokrati, dialog, kreativitet, innovasjon og refleksjon, og prosessar som gir forankring av og forpikting til dei løysingane som ein kjem fram til.
Emnet er øvingsorientert med stor vekt på gruppearbeid med metodelæring og erfaringsutveksling på tvers av fag, forvaltningsnivå og offentlig-, privat- eller frivillig sektor m.m. Øvingane tek utgangspunkt i utfordringar og planproblem som deltakarane sjølv har, og gjennom gruppearbeid skal studentane øvast i prosessleiing, og dei skal få hjelp til å utforme ein prosjektdesign for eit utviklingsarbeid.
Emnet tek utgangspunkt i studentar sine planproblem knytt til utviklingsarbeid/prosjekt i samfunn og organisasjonar, og målet med emnet er å gi studentane kompetanse i korleis dei kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar for å løyse eigne planproblem.
Emnet blir innpassa i Masterprogram i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda, og kan søkast innpassa i andre masterprogram.
Emnet eignar seg for nyutdanna med profesjonsutdanningar eller anna høgare utdanning, og for fagfolk i praksis (planleggarar, leiarar og andre tilsette) med ansvar for samfunnsplanlegging, lokalsamfunnsarbeid og/eller organisasjonsutvikling i offentleg, privat eller frivillig sektor. Emnet eignar seg også for dei som ønsker seg slike stillingar. Emnet eignar seg også for dei som ønsker å jobbe på desse felta.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om
- teoriar og tenkemåtar bak kommunikative metodar som blir brukt i plan- og utviklingsarbeid
Studenten skal kunne
- handtere ulike kommunikative arbeidsmetodar i praksis og vere øvd i rolla som prosessleiar
- forbetre eller vidareutvikle prosjektplanar og prosessdesign
- vurdere og gi tilbakemelding på andre sine prosessdesign og prosjektplanar
- analysere og forstå eiga rolle i gruppeprosessar
- analysere og forstå andre si rolle i gruppeprosessar
Studenten skal vere i stand til sjølvstendig å
- anvende teoretisk, praktisk og filosofisk kunnskap om kommunikative arbeidsmetodar for å lage eit gjennomførbart prosessdesign innanfor ein gitt og eigen valt kontekst
- vurdere og drøfte kva rolle kunnskap, ferdigheiter, haldningar og verdiar spelar i gruppeprosessar generelt, og i eige prosessdesign spesielt
- kritisk og reflektere over eiga rolle, kunnskap, ferdigheiter, haldningar og verdiar
Firmaet Utviklingskompetanse AS ved Tor J. Skogstad tilbyr dette emnet som etterutdanningskurs.
Utviklingskompetanse AS er lokalisert i Bodø, Tlf. 75 51 76 44 /mobil: 977 01 621 http://www.prosessledelse.no
Det er inngått avtale mellom Utviklingskompetanse AS og Høgskulen i Volda om eksamen for dei som ønsker å ta eksamen. Vi råder dei som har generell studiekompetanse eller realkompetanse til å bruke kurset til å ta eksamen i emnet PROSB Prosessleiing og prosjektdesign og få 15 studiepoeng på bachelornivå. Vi råder dei som tilfredsstiller krava til opptak til mastergraden Samfunnsplanlegging og leiing til å bruke kurset til å avlegge eksamen i det noko større og meir avanserte masteremnet IPA302KOMP Prosessleiing og prosjektdesign.
Kurset går over sju dagar fordelt på tre samlingar (2+3+2). For å avgrense reise- og oppholdsutgiftene til dei enkelte kursdeltakarane, foregår samlingane og undervisninga i dei regionane eller kommunane der kursdeltakarane høyrer til. Kurset er organisert som ein kombinasjon av regionale og interkommunale samlingar, eigenstudie og arbeidsgrupper som kursdeltakarane sjølve organiserer.
Læringsforma tek utgangspunkt i at deltakarane skal få mykje tid i lag til formell og uformell læring i og utanfor samlingane. Både i undervisinga og under gruppearbeid og øvingar, er dialog og aktiv medverknad ein føresetnad. I tillegg til ordinære førelesningar, blir det lagt stor vekt på at deltakarene gjennom heimeoppgåver, gruppearbeid, øvingar og erfaringsutveksling skal lære å knyte teorien til eigne erfaringar og arbeidsoppgåver.
I kurset er det bidrag frå undervisingskrefter med god teoretisk og praktisk fagkompetanse. Det blir også brukt læremidlar som er relevante for arbeidsoppgåvene til kursdeltakarane.
Alle samlingane er øvingsbaserte, der kommunikasjon mellom deltakarene for å løyse eigne og andre sine planleggingsutfordringar står sentralt. Derfor er det krav om 80 prosent frammøte til undervisninga.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual or Group exam | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Digital eksamen. | Alle | Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei eksamensmappe med to delar: Del 1) Prosjektdesign. Denne delen skal formast som ein prosjektdesign (prosessplan) for eit aktuelt plan- og utviklingsarbeid i eit lokalsamfunn eller ein organisasjon. Denne delen kan vere eit gruppearbeid, og kan vere på om lag 3000 ord. Dersom prosjektdesignen blir utarbeidd i ei gruppe, skal dette gå tydeleg fram. Del 2) Drøfting. Denne delen av mappa skal vere ei fagleg grunngjeving av aktivitetar og tiltak i prosjektdesignen. Drøftinga bør ta utgangspunkt i styrke og svakheiter ved designen og måten designen har blitt til på. Drøftinga bør også identifisere kritiske punkt i designen, velje ut nokre av teknikk- og metodevala og fagleg grunngje dei. Denne delen skal vere individuell, og vere på 3000 ord (+/-10%). Litteraturlista og evt, vedlegg tel ikkje med i talet på ord. Dersom prosjektdesignen (del 1) vert utarbeidd i ei gruppe, har kvar gruppedeltakar i drøftingsdelen (del 2) høve til å foreslå endringar/forbetringar av prosjektdesignen. Slike nye forslag/forbetringar må gå tydeleg fram og dei må grunngjevast i drøftingsdelen. Studentane får rettleiing undervegs. Mappa skal leverast som eitt individuelt dokument, og delane prosjektdesign (del 1) og drøfting (del 2) må gå tydeleg fram av innhaldslista. |