Semesters
IPA303 Offentleg organisering og leiing
Ingen.
I dette emnet blir moderniseringa av offentlig sektor sett i lys av fleire perspektiv og nyare forsking med sikte på å gjere deltakarane til reflekterte leiarar med kompetanse til tolke og analysere eigen situasjon og evne til kritiske og konstruktiv vurdering av ulike modellar og oppskrifter for organisering og leiing. Dei ulike perspektiva blir nytta til å drøfte samfunnsstyring, demokratiteori, leiingsteori, organisasjonsteori, organisasjonsutvikling, modernisering av offentleg sektor og utforming av leiingsfunksjonen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Avansert kunnskap om utviklingstrekka og utfordringane i offentleg sektor
- Avansert kunnskap om perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for offentleg organisering og leiing
- Avansert kunnskap om ulike modellar og oppskrifter for offentleg organisering og leiing
- Til å forstå utviklingstrekka og utfordringane i offentleg sektor
- Til å kunne anvende teoriar om offentlege organisasjonar på ein praktisk og kreativ måte
- Til å kunne vurdere ulike modellar for organisering og leiing i offentleg sektor
- Til å forstå organisering og leiing i offentleg sektor som dynamiske og kommunikative prosessar
- Til å kritisk kunne vurdere si eiga rolle som leiar
Gjennom forelesingar, dialog, heimeoppgåver og praktiske øvingar skal studentane oppnå kompetanse til:
- Kritisk å vurdere ulike teoriar og modellar for offentleg organisering og leiing
- Kritisk å reflektere over rolla som leiar
Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar med mandag som studiedag (førebuing, rettleiing, kollokvium m.m.) og med organisert undervisning frå tirsdag til og med fredag. I tillegg kjem ei repetisjonssamling på to dagar.
- Samling 1: Veke 1
- Samling 2: Veke 8
- Samling 3: Veke 14
Samling 1: Utfordringar for og teoriar om offentleg sektor
På denne samlinga vert det lagt vekt på demokratiteori, politisk organisering, politiske prosessar og kva rolle offentleg verksemd har i samfunnet, og kva verknader ulike organisasjonsformer har for oppgåveløysinga og for brukarane.
Samling 2: Organisasjonsteoriar, leiingsteoriar og avgjerdsmodellar
På denne samlinga vert det gitt eit oversyn over klassiske og nyare teoriar om organisasjonar og leiing, for deretter å utdjupe dei ulike elementa som utgjer ein organisasjon.
Samling 3: Reformer og organisasjonsutvikling
På denne samlinga konsentrerer vi oss om teoriar og metodar for organisasjonsutvikling, trendar innan organisasjonsutvikling, og om modernisering av offentleg sektor
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering og for framlegging i klassa.
Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, og der deltakaren kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med læraren og med kvarandre.
Innlevert eigenvurdering. Studiet har obligatorisk frammøte i den første samlingsveka.
Studentane vel tre representantar som saman med den emneansvarlege og ein annan frå instituttet utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte på kvar samling. Vi viser elles til ordningar som gjeld for kvalitetssikring ved HVO.
- Health and Social Sciences - master
- Planning and Leadership - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren. | ||
Home exam | Individual | 2 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Oppgåveteksten blir gitt i slutten av semesteret og med frist på 53 timar for levering. Heimeeksamenen skal skrivast utan rettleiing og den skal teste studentane sine evner til å bruke kunnskapen utvikla gjennom kurset i ein intensiv arbeidssituasjon. Heimeeksamen skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel med tilsvarande krav som for oppgåva. | Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren. |
Oppgåva skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel som skal synleggjere at kandidaten kjenner og kan bruke pensum eller tilsvarande litteratur på ein systematisk og vitskapleg måte.