Semesters

IPA304 Leiing og personalutvikling

Course code: 
IPA304
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2021 Autumn
Assessment semester: 
2021 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

I dette emnet blir teori og empiri om leiing kombinert med studentane sine eigne erfaringar, med sikte på å kvalifisere dei som leiarar. Emnet er delt i tre tema, som i hovudsak følgjer den mykje brukte inndelinga i strategisk, taktisk og operativ leiing.Temaet strategisk leiing skal gi kandidatane grundig kunnskap om modernisering av offentlig sektor og forståing av dei mest sentrale perspektiva i fagområdet strategisk leiing. Det gjeld mellom anna strategiske utfordringar som privatisering og konkurranseeksponering, organisasjonsendring og strategisk posisjonering. Temaet administrativ leiing og styringssystem skal skape medvit om at effektivitet er eit mangetydig og kontroversielt omgrep, og at tenesteyting skal oppfylle mange og til dels motstridande mål, som stiller store og ulike krav til god leiing. Stikkord i den samanhengen er diagnostiske styringssystem, mål- og resultatstyring, kvalitetsstyring, læring og innovasjon. Temaet operativ leiing tek for seg sentrale funksjonar i det daglege møtet med medarbeidarar og leiar si rolle i arbeidet med personalutvikling. Leiarskap og sosiale relasjonar, verdibasert leing, teambygging, coaching, sjølvleiing, konflikthandtering og medarbeidarskap er sentralt i tilknyting til temaet operativ leiing.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • heilskapleg forståing av leiingsfunksjonen i organisasjonar
  • kritisk og konstruktiv forståing av korleis modellar og leiingsverktøy kan nyttast for å oppnå målretta utvikling
Learning outcome skills

Studenten skal ha praktisk og fagleg godt fundert handlingskompetanse i personalutvikling.

Learning outcome qualification

Studenten skal ha evne til sjølvstendig refleksjon og læring rundt si rolle som leiar.

Working and learning activities

Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar, tentativt med mandag som studiedag og organisert undervisning frå tirsdag til og med fredag.

  • Samling 1: Veke 36
  • Samling 2: Veke 41
  • Samling 3: Veke 46

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon,drøfting i plenum og andre studentaktive undervisningsformer. Basert på erfaring har mange av studentane på emnet lang yrkeserfaring og mange ulike utdannningsbakgrunnar. Denne ressuren blir nytta i det pedagogiske opplegget. Det blir difor lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar, og gitt høve til drøfting av relevante problemstillingar frå deltakarane sin yrkeskontekst. På delar av samlingane vil det vere med gjesteførelesarar frå privat og offentleg sektor som tematiserer teorielement i relasjon til praktisk yrkesliv.

Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom (i Canvas), der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg, og der deltakaren kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med lærarar og med kvarandre. Vurderingsforma er lagt nær opp til arbeidsformer i praktisk leiing og personalutvikling. Studentane skal i heimeoppgåver ta utgangspunkt i praktiske problem og drøfte desse sjølvstendig og kritisk i lys av pensum, for på den måten kunne forstå og forbetre situasjonen.

Assessment requirements

Etter kvar av dei to første samlingane (veke 36 og veke 41) skal det leverast ei oppgåve på 2000 ord (+/- 10%. eventuell innhaldsliste, referansar, m.m. kjem i tillegg). Oppgåvetekstane vert utlevert på samlingane og samstundes gjort tilgjengeleg i Canvas. Studentane kan velje mellom å skrive ei reint teoretisk oppgåve, eller bruke aktuelle teorielement til analyse og drøfting av eigen organisasjon eller arbeidssituasjon. Det blir gitt tilbod om rettleiing. Canvas vert brukt til innlevering av oppgåvene. Begge arbeidskrava må vere godkjende for å gå opp til eksamen.

Evaluation system
Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Magnar Hjertenæs
Used in other programs
  • Health and Social Sciences - master
  • Health and Social Sciences - master
  • Planning and Leadership - master
  • Planning and Leadership - master (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Digital eksamen. Oppgåveteksten blir gitt kl 09:00 fyrste eksamensdag, med innlevering kl 14:00 tredje eksamensdag.
Heimeoppgåve med eit omfang på 5000 ord (+/- 10%). All tekst inkludert tabellar, figurar og referanseliste tel med. Standard framside og evt. vedlegg kjem i tillegg.
Approval signature: 
Randi Bergem 04.03.2021