Semesters

JOF102 Journalistikk 2 for fjernsyn

Course code: 
JOF102
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
10
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Spring
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
JOU100 Introduction to News Production Techniques
JOU101 Journalism 1
Required prerequisite knowledge

JOU101 treng ikkje vere fullført, men arbeidskrava må vere godkjent.

Course content

Målet med emnet er å gi studentane praktisk journalistisk trening. Studentane skal drive journalistisk arbeid i utdanninga sine øvingsmedia. Evaluering og diskusjon av journalistiske produkt og arbeidsprosessar er også sentralt i undervisinga.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge
  • har innsikt i redaksjonell organisering og leiing, og kunnskap om det tekniske og vilkåra for journalistisk produksjon
  • har kunnskap om kva som ligg i publiseringsansvaret
  • har kunnskap om eigenarten til fjernsynsmediet og kunnskap om publisering på nett
Learning outcome skills
  • er i stand til å meistre nødvendige tekniske hjelpemiddel i journalistisk produksjon, og til å samarbeide med andre
  • har tileigna seg formidlingsteknikk i fjernsynsmediet, kan gjere kvalifiserte vurderingar og val i det redaksjonelle arbeidet
  • kan lage eit samansett og variert journalistisk produkt
  • er i stand til å fylle ulike roller i ein redaksjon
Learning outcome qualification
  • er i stand til å arbeide journalistisk innanfor redaksjonelle rammer og ta ansvar for eige og andre sitt arbeid
  • er i stand til å vurdere eige og andre sitt arbeid
  • er i stand til å ta ansvar for eige og andre sitt arbeid
  • er i stand til å leie og underordne seg leiing
Working and learning activities

Dette er eit praktisk emne som strekkjer seg over eitt semester. Studentane er organisert i redaksjonar der dei prøver ulike roller og arbeider etter ein oppsett vaktplan.

Assessment requirements

Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon etter oppsett vaktplan.

Det er også obligatorisk deltaking i eit praksisførebuande kurs. Der får studentane ei innføring i bruk av ulike tekniske arbeidsreiskapar i journalistisk formidling for den aktuelle spesialiseringa. Det vert gitt oppgåver som skal leverast til fristar som er fastsett i undervisningsplanen. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Godkjend praksisførebuande kurs er ein føresetnad for å ta del i den interne praksisperioden.

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Steinar Høydal
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Pass / fail
100
Mappa skal innehalde to element:
A: Ein logg over det arbeidet studenten har gjort i praksisperioden.
B: Ein kommentar til tre ulike saker frå praksisperioden. Her skal studenten legge vekt på korleis han/ho har vore med på å utvikle dei.