Semesters
JOF205 Journalistikk 5 for fjernsyn
Dette emnet skal gi studentane praktisk røynsle frå medieredaksjonar og omfattar praksisførebuande seminar, ekstern praksis og eksamensproduksjon. Studentane skal gjennom praksisperioden nytte dei kunnskapane dei har tileigna seg gjennom studiet. Etter å ha gjennomført emnet skal studentane vere i stand til å arbeide sjølvstendig som journalist.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha kunnskap om redakjsonelt arbeid i nyheitsredaksjon
Studenten skal
- kunne fylle reporterrolla i ein etablert redaksjon
- kunne bruke journalistisk teori og metode til å lage ein journalistisk produksjon og til å reflektere rundt eige arbeid
- kunne utvikle, planlegge og gjennomføre journalistiske prosjekt
- kunne produsere sjølvstendige journalistiske arbeid
Studenten skal
- kunne arbeide sjølvstendig
- kunne samarbeide med andre i ein redaksjon
- kunne reflektere kritisk rundt eige arbeid
Emnet strekkjer seg over eitt (1) semester og består av forelesingar, seminar og ti veker ekstern redaksjonell praksis.
For å kunne gå opp til avsluttande eksamen må studenten ha gjennomført ekstern praksis og fått godkjent praksisrapporten. Praksisrapporten skal vere på 1500 ord og leverast til emneansvarleg innan gitt frist.
I praksisrapporten skal studenten dokumentere arbeidet ho eller han har utført i den eksterne praksisperioden, og presentere kvalifiserte refleksjonar i høve til praksis og rutinar på praksisstaden.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Endeleg vurdering i emnet er mappe med munnleg justering. Mappa skal innehalde ein eksamensproduksjon og ein metoderapport. Metoderapporten skal til saman vere på 3000-5000 ord. | ||||
Adjusting oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |
Munnleg justerande eksamen vil normalt vere drøfting av eksamensproduksjon, metoderapport og pensum. Pensum er spesialiseringspensum og elles pensum frå kursa i journalistikk.
Ein førebels karakter på produksjon og rapport (mappa) vert kunngjort dagen før munnleg eksamen. Mappa skal leverast innan gitt frist. Fristen går fram av eksamensplanen.