Semesters

JON213 Praksis i nettavis - fordjuping

Course code: 
JON213
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

JOR213 Journalistikk 3 - Juridiske og presseetiske publiseringsreglar.
I tillegg må studentane ha bestått praksisemne frå både første og andre studieår.

Dette fordjupingsemnet bygger på JON111 Praksis i nettavis eller WD201 Web Documentary eller UJ201 Undersøkande journalistikk. 

Det er begrensa med plassar på dette emnet. Kvalifiserte studentar søkjer seg inn på emnet gjennom undervisningsopptaket. Det blir sendt ut eigen informasjon om tidsrom og fristar for gjennomføring av undervisningsopptaket. Dersom det blir konkurranse om plassane vil søkjarane blir rangert etter karakterane på JOU213 Journalistikk 3 - Juridiske og presseetiske publiseringsreglar og bli tildelt plass på bakgrunn av dette karaktergrunnlaget. Ved like resultat vil ein også ta med resultat i MEV123 Medievitskap 2 - Media, kommunikasjon og makt.

Course content

Emnet fokuserer spesielt på forteljeteknikk og lengre format. Undervisning og forelesingar er knytt til relevante tema for praksisperioden som temajournalistikk, sjangerforståing og dramaturgi/forteljeteknikk.  

Hovuddelen av emnet er den seks veker lange interne praksisperioden. Studentane skal dagleg produsere og publisere innhald for Nærnett og andre relevante plattformer. Studentane får god erfaring med ulike redaksjonelle roller, og evaluering og diskusjonar av det journalistiske arbeidet har ein viktig plass.  

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har god kunnskap om ulike dramaturgiske modellar for produksjon av nettsaker 
  • har god kunnskap om forteljeteknikk  og formidling 
  • har god kunnskap om ulike sjangrar innan nettjournalistikk
  • har god kunnskap om språkbruk innan nettjournalistikk
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan bruke ulike dramaturgiske modellar i arbeidet med journalistiske saker 
  • kan arbeide sjølvstendig i eit redaksjonelt miljø og levere saker innan deadline 
  • kan meistre godt å gjere eigne vurderingar av idéutvikling, journalistisk verdi og vinkling av saka   
  • kan vurdere kva sjanger som er den beste måten å løyse ein idé på  
  • kan arbeide fleirmedialt
  • kan delta aktivt i det daglege evalueringsarbeidet
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan reflektere rundt og drøfte aktuelle problemstillingar ved nettjournalistikken ut frå pensum 
  • kan reflektere rundt eigne og andre sine saker ut frå pensum 
  • kan meistre godt å gå inn i journalistrolla i ein redaksjon
Working and learning activities

Forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes innføringskurs og praktisk, redaksjonelt arbeid.
Hovuddelen av emnet er den seks veker lange interne praksisperioden.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og praksis i emnet med minimum 80 prosent deltaking.​

Arbeidskrav:

  • praksislogg
  • evaluering av emnet

Arbeidskrava er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:

  • organisering
  • omfang
  • frist
Evaluation system
Maximum number of students: 
22
Person in charge: 
Hild Nordal
Used in other programs
  • Journalism - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Semester
Pass / fail
100
Levering i Inspera.
Alle
Lage ein reportasje/featuresak ved bruk av dramaturgisk modell og forteljeteknikk. Levere metoderapport på 2000 – 2500 ord som drøftar forteljeteknikk og dramaturgi ut frå pensum.
Approval signature: 
Kate Kartveit