Semesters
JOR102 Journalistikk 2 for radio
Må ha godkjend JOU100 og arbeidskrava knytta til JOU101.
Målet med emnet er å gi studentane praktisk journalistisk trening. Studentane skal drive journalistisk arbeid i utdanninga sine øvingsmedia. Evaluering og diskusjon av journalistiske produkt og arbeidsprosessar er også sentralt i undervisinga.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- har innsikt i redaksjonell organisering og leiing, og kunnskap om dei tekniske og vilkåra for journalistisk produksjon
- har kunnskap om kva som ligg i publiseringsansvaret
- har kunnskap om publisering på nett
- har kunnskap om radiomediets eigenart
- er i stand til å beherske nødvendige tekniske hjelpemiddel i journalistisk produksjon, og til å samarbeide med andre
- har tileigna seg formidlingsteknikk i radiomediet
- kan gjere kvalifiserte vurderingar og val i det redaksjonelle arbeidet
- kan lage eit samansett og variert journalistisk produkt
- er i stand til å fylle ulike roller i ein redaksjon
- er i stand til å arbeide journalistisk innanfor redaksjonelle rammer og ta ansvar for eige og andre sitt arbeid
- er i stand til å vurdere eige og andre sitt arbeid
- er i stand til å ta ansvar for eige og andre sitt arbeid
- er i stand til å lede og underordne seg leiing
Dette er eit praktisk emne som strekkjer seg over eitt semester. Studentane er organisert i redaksjonar der dei prøver ulike roller og arbeider etter ein oppsett vaktplan.
Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon etter oppsett vaktplan.
Det er også obligatorisk deltaking i eit praksisførebuande kurs. Der får studentane ei innføring i bruk av ulike tekniske arbeidsreiskapar i journalistisk formidling for den aktuelle spesialiseringa. Det vert gitt oppgåver som skal leverast til fristar som er fastsett i undervisningsplanen. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Godkjend praksisførebuande kurs er ein føresetnad for å ta del i den interne praksisperioden.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Pass / fail | 100 |
A: Ein logg over det arbeidet studenten har gjort i praksisperioden.
B: Ein kommentar til tre ulike saker frå praksisperioden. Her skal studenten legge vekt på korleis han/ho har vore med på å utvikle dei.