Semesters
JOR205 Journalistikk 5 for radio.
JOU102 og JOR203.
Dette emnet skal gi studentane praktisk røynsle frå medieredaksjonar og omfattar praksisførebuande seminar, ekstern praksis og eksamensproduksjon. Studentane skal gjennom praksisperioden nytte dei kunnskapane dei har tileigna seg gjennom studiet. Etter å ha gjennomført emnet skal studentane vere i stand til å arbeide sjølvstendig som journalist.
-
Studenten:
- har kunnskap om redaksjonelt arbeid i nyheitsredaksjon
Studenten:
- kan fylle reporterrollen i ein etablert redaksjon
- kan bruke journalistisk teori og metode til å lage ein journalistisk produksjon og til å reflektere rundt eige arbeid
- kan utvikle, planlegge og gjennomføre journalistiske prosjekt
- kan produsere sjølvstendige journalistiske arbeid
-
Emnet strekkjer seg over eitt semester og består av forelesingar, seminar og 8 vekers ekstern redaksjonell praksis.
For å kunne gå opp til avsluttande eksamen må studenten ha gjennomført ekstern praksis og fått godkjent praksisrapporten. Praksisrapporten skal vere på 1500 ord og leverast saman med logg til emneansvarleg innan gitt frist.
I praksisrapporten skal studenten dokumentere arbeidet ho eller han har utført i den eksterne praksisperioden, og presentere kvalifiserte refleksjonar i høve til praksis og rutinar på praksisstaden.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Mappa skal innehalde ein eksamensproduksjon og ein metoderapport. Rapporten skal til saman vere på 3000-5000 ord. |
Munnleg vil normalt vere drøfting av eksamensproduksjon, metoderapport og pensum. Pensum er spesialiseringspensum og elles pensum frå kursa i journalistikk.
Mappa skal leverast i to eksemplar til Sørvistorget innan gitt frist. Fristen går fram av eksamensplanen.
Ein førebels karakter på produksjon og rapport (mappa) vert kunngjort dagen før munnleg eksamen.