Semesters
JOR213 Praksis i radio - fordjuping
JOU213 Journalistikk 3 - Juridiske og presseetiske publiseringsreglar. I tillegg må studentane ha bestått praksisemne frå både første og andre studieår.
Dette fordjupingsemnet bygger på JOR111 Praksis i radio eller JOU113 Podkast.
Det er begrensa med plassar på dette emnet. Kvalifiserte studentar søkjer seg inn på emnet gjennom undervisningsopptaket. Det blir sendt ut eigen informasjon om tidsrom og fristar for gjennomføring av undervisningsopptaket. Dersom det blir konkurranse om plassane vil søkjarane blir rangert etter karakterane på JOU213 Journalistikk 3 - Juridiske og presseetiske publiseringsreglar og bli tildelt plass på bakgrunn av dette karaktergrunnlaget. Ved like resultat vil ein også ta med resultat i MEV123 Medievitskap 2 - Media, kommunikasjon og makt.
I dette praksisemnet fokuserer vi spesielt på forteljeteknikk og lengre format. Undervisninga og forelesingar er knytt til relevante tema for praksisperioden som temajournalistikk, sjangerforståing og dramaturgi/forteljeteknikk.
Hovuddelen av emnet er den seks veker lange interne praksisperioden. Studentane skal dagleg produsere og publisere journalistisk innhald for Radio Volda. Studentane får erfaring med ulike redaksjonelle roller, og evaluering og diskusjonar av det journalistiske arbeidet har ein viktig plass.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har god kunnskap om dramaturgiske modellar for produksjon av radiosaker
- har god kunnskap om forteljeteknikk, formidling og stemmebruk
- har god kunnskap om ulike sjangrar innan radiojournalistikk
- har god kunnskap om korleis ein engasjerer lyttaren gjennom forteljeteknikk og ulike verkemiddel
- har god kunnskap om språkbruk på radio
Studenten:
- kan bruke dramaturgiske modellar i arbeidet med journalistiske saker
- kan arbeide sjølvstendig i eit redaksjonelt miljø og levere saker innan deadline
- kan meistre godt å gjere eigne vurderingar av idéutvikling, journalistisk verdi og vinkling av saka
- kan vurdere kva sjanger som er den beste måten å løyse ein idé på
- kan bruke lyd og lydeffektar som skapar bileter i hovudet på lyttaren
- kan rapportere direkte frå hendingar i sanntid
- kan arbeide fleirmedialt
- kan delta aktivt i det daglege evalueringsarbeidet
Studenten:
- kan reflektere rund og drøfte aktuelle problemstillingar ved radiojournalistikken ut i frå pensum
- kan reflektere rundt eigne og andre sine saker og sendingar ut i frå pensum
- meistrer godt å gå inn i journalistrolla i ein radioredaksjon
Forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes innføringskurs og praktisk, redaksjonelt arbeid.
Hovuddelen av emnet er den seks veker lange interne praksisperioden.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og praksis i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
- praksislogg
- evaluering av emnet
Arbeidskrava er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:
- organisering
- omfang
- frist
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4
- Journalism - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | Pass / fail | 100 | Levering i Inspera. | Alle | Lage ein reportasje med lengd på minimum fire minutt med bruk av dramaturgisk modell og forteljeteknikk. Levere metoderapport på 2000 – 2500 ord som drøftar forteljeteknikken og dramaturgien i saka ut i frå pensumlitteratur. |