Semesters
JOT213 Praksis i TV - fordjuping
JOU213 Journalistikk 3 - Juridiske og presseetiske publiseringsreglar.
I tillegg må studentane ha bestått praksisemne frå både første og andre studieår.
Dette fordjupingsemnet bygger på JOT111 Praksis i TV.
Det er begrensa med plassar på dette emnet. Kvalifiserte studentar søkjer seg inn på emnet gjennom undervisningsopptaket. Det blir sendt ut eigen informasjon om tidsrom og fristar for gjennomføring av undervisningsopptaket. Dersom det blir konkurranse om plassane vil søkjarane blir rangert etter karakterane på JOU213 Journalistikk 3 - Juridiske og presseetiske publiseringsreglar og bli tildelt plass på bakgrunn av dette karaktergrunnlaget. Ved like resultat vil ein også ta med resultat i MEV123 Media, kommunikasjon og makt.
Emnet fokuserer spesielt på forteljeteknikk og lengre format. Undervisning og forelesingar er knytt til relevante tema for praksisperioden som temajournalistikk, sjangerforståing og dramaturgi/forteljeteknikk.
Hovuddelen av emnet er den seks veker lange interne praksisperioden. Studentane skal dagleg produsere og publisere journalistisk innhald for Nærsynet og andre relevante plattformer. Studentane får god erfaring med ulike redaksjonelle roller, og evaluering og diskusjonar av det journalistiske arbeidet har ein viktig plass.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har god kunnskap om dramaturgiske modellar for produksjon av TV-saker
- har god kunnskap om forteljeteknikk, formidling og stemmebruk
- har god kunnskap om sjangrar innan TV-journalistikk
- har god kunnskap om produksjon av levande bilete i sosiale media og på nett
- har god kunnskap om språkbruk på TV
Studenten:
- kan bruke dramaturgiske modellar i arbeidet med journalistiske saker
- kan arbeide sjølvstendig i eit redaksjonelt miljø og levere saker innan deadline
- kan meistre godt å gjere eigne vurderingar av idéutvikling, journalistisk verdi og vinkling av saka
- kan vurdere kva sjanger som er den beste måten å løyse ein idé på
- kan rapportere direkte frå hendingar i sanntid
- kan arbeide fleirmedialt
- kan delta aktivt i det daglege evalueringsarbeidet
Studenten:
- kan reflektere rundt og drøfte aktuelle problemstllingar ved TV-journalistikken ut frå pensum
- kan reflektere rundt eigne og andre sine saker ut frå pensum
- kan skal meistre godt å gå inn i journalistrolla i ein redaksjon
Forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes innføringskurs og praktisk, redaksjonelt arbeid.
Hovuddelen av emnet er den seks veker lange interne praksisperioden.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og praksis i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
- praksislogg
- evaluering av emnet
Arbeidskrava er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:
- organisering
- omfang
- frist
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Journalism - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | Pass / fail | 100 | Levering i Inspera. | Alle. | Lage ein reportasje med lengd på minimum tre minutt med bruk av dramaturgisk modell og forteljeteknikk. Levere metoderapport på 2000 – 2500 ord som drøftar forteljeteknikk og dramaturgi ut i frå pensumlitteratur. |