Semesters
JOU101 Journalistikk 1
Ingen
Målet med emnet er å gi ei grunnleggande innføring i journalistisk metode, nyheitsforståing, kjeldekunnskap og presseetikk. Viktige element i emnet er journalistisk metode, presseetikk og offentlegprinsippet. Det vert også lagt vekt på språk og formidlingsteknikk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha kjennskap til journalistiske metodar som intervju, observasjon og bruk av skriftlege kjelder
- ha kunnskap om det presseetiske regelverket, og har grunnleggande kunnskap om offentleglova og reglar for innsyn
- ha kjennskap til nyheits- og reportasjesjangeren
- ha innsikt i journalistisk stoff- og nyheitsvurdering
- ha kjennskap til journalistrolla og det journalistiske oppdraget
- ha kjennskap til kjeldearbeid
Studenten skal
- kunne produsere nyheitssaker og meistre grunnleggande intervjuteknikk
- kunne finne, vurdere og bruke ulike typer kjelder
- kunne bruke offentleglova til å finne og bruke journalistisk kjeldemateriale
- meistre nyheitsformidling og – språk på eit grunnleggande nivå (nyheitsproduksjon)
Studenten skal
- ha grunnleggande forståing av journalistrolla og av pressa sitt samfunnsansvar og arbeidsmåtar
- kunne forhalde seg til undervising på høgskulenivå og ta ansvar for eiga læring
Emnet strekkjer seg over eitt (1) semester og er samansett av førelesingar, seminar og workshop. I undervisinga vert journalistisk teori, analyse og praksis integrert. Det blir lagt vekt på deltaking frå studentane si side. Det blir gitt fleire obligatoriske oppgåver, både i gruppe og individuelt.
Studentane skal i løpet av emnet levere 5 obligatoriske oppgåver. Rammer og krav for oppgåvene vert gitt i starten av semesteret. Alle arbeidskrav skal leverast til fristar som er fastsett i undervisningsplanen. Frammøte og deltaking på oppgåvegjennomgang i grupper er obligatorisk, og deltaking på skriveverkstad er obligatorisk. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- PR, Communication and Media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Digital eksamen. | Alle |