Semesters
JOU111 Journalistikk 1 - Kva er journalistikk?
Ingen.
Emnet skal gi ei grunnleggande innføring i nyheitsproduksjon, samstundes som studentane tileignar seg ei forståing av journalistrolla og den journalistiske profesjonskulturen. Viktige element i emnet er journalistisk metode og presentasjon, nyheitsvurdering og presseetikk. Studenten får også grunnleggande teknisk innføring i foto, video og nettpublisering.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kjennskap til journalistisk metode med vekt på bruk av munnlege og skriftlege kjelder
- har grunnleggande kunnskap om det presseetiske regelverket
- har innsikt i journalistiske vurderingar og kjennskap til sentrale journalistiske sjangrar
- har grunnleggande kunnskap om journalistrolla og media sitt samfunnsoppdrag
- har grunnleggande kunnskap om kva som er godt journalistisk språk
- har grunnlerggande kunnskap om bruk av foto- og videoutstyr
- har grunnleggande kunnskap om nettpublisering og publiseringsreglar
Studenten:
- kan produsere og publisere enkle nyheitssaker på ulike plattformer
- kan vurdere nyheitsverdi og journalistisk vinkling
- kan finne, vurdere og bruke ulike typer kjelder
- kan vurdere etiske problemstillingar i praktisk arbeid ut frå Vær Varsam-plakaten
- kan meistre enkel intervjuteknikk
- kan skrive tekstar med god flyt og godt språk
- kan produsere enkle journalistiske stillbilete og videoar
Studenten:
- kan samarbeide godt med medstudentar
- kan delta i evaluering av eige og andre sitt arbeid
Forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes seminar og verkstadar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
- evaluering av emnet
Emnet har også andre arbeidskrav som er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:
- typearbeidskrav
- tal arbeidskrav
- organisering
- omfang
- frist
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Journalism - bachelor
- PR, Communication and Media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Digital eksamen. | Ingen |