Semesters
JOU111 Journalistikk 1 - Kva er journalistikk?
Ingen
Emnet skal gi ei grunnleggande innføring i nyheitsproduksjon, samstundes som studentane tileignar seg ei forståing av journalistrolla og den journalistiske profesjonskulturen. Viktige element i emnet er journalistisk metode og presentasjon, nyheitsvurdering og presseetikk. Studenten får også grunnleggande teknisk innføring i foto, video og nettpublisering.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kjennskap til journalistisk metode med vekt på bruk av munnlege og skriftlege kjelder
- grunnleggande kunnskap om det presseetiske regelverket
- ha innsikt i journalistiske vurderingar og kjennskap til sentrale journalistiske sjangrar
- grunnleggande kunnskap om journalistrolla og media sitt samfunnsoppdrag
- grunnleggande kunnskap om kva som er godt journalistisk språk
- grunnlerggande kunnskap om bruk av foto- og videoutstyr
- grunnleggande kunnskap om nettpublisering og publiseringsreglar
Studenten skal meistre grunnleggande journalistiske ferdigheiter og kunne
- produsere og publisere enkle nyheitssaker på ulike plattformer
- vurdere nyheitsverdi og journalistisk vinkling
- finne, vurdere og bruke ulike typer kjelder
- vurdere etiske problemstillingar i praktisk arbeid ut frå Vær Varsam-plakaten
- meistre enkel intervjuteknikk
- skrive tekstar med god flyt og godt språk
- produsere enkle journalistiske stillbilete og videoar
Studenten skal kunne
- samarbeide godt med medstudentar
- delta i evaluering av eige og andre sitt arbeid
Emnet er sett saman av forelesingar, seminar, teknisk innføring, skriveverkstad og ulike typer oppgåver og arbeidskrav. I undervisinga vert journalistisk teori og praksis integrert.
Studentane skal i løpet av emnet levere fleire obligatoriske oppgåver. Rammer og krav for oppgåvene vert gitt i starten av semesteret. Alle arbeidskrav skal leverast til fristar som er fastsett i undervisningsplanen. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
- Obligatoriske oppgåver i journalistikk.
- Obligatioriske oppgåver i journalistisk arbeidsteknikk.
- Deltaking i evaluering av emnet.
- Journalism - bachelor
- PR, Communication and Media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Digital eksamen. | Ingen |