Semesters
JOU112 Journalistikk 2 - Kjeldearbeid og formidling
Dette emnet er ei vidareføring av JOU111. Det blir gitt ei innføring i undersøkande og oppsøkande journalistisk metode med vekt på å arbeide fram eigne nyheiter. Viktige tema er kjeldearbeid, reglar for offentlegheit og innsynsrett. I tillegg blir det jobba meir med bruk av journalistisk arbeidsmetode, språk og formidling.
Nyheitsjournalistikken har fokus, og ein viktig del av emnet er også ei praktisk gruppeoppgåve der studentane gjennom research, vurderingar og analyse av kjeldemateriale skal lage eigne nyheitssaker.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- god forståing av ulike typer kjelder og kjeldekritikk
- god kunnskap om kjeldekritisk analyse, kjeldemakt og kjeldestyring
- god kunnskap om offentleglova og reglar for innsyn
- god forståing av grunnleggande journalistisk metode
- god kunnskap om den journalistiske arbeidsprosessen frå utvikling av idé til undersøking, analyse og forteljing
- god forståing av nyheitssjangeren og den journalistiske forteljinga
Studenten skal kunne
utvikle eigne idéar og gjennomføre undersøkande nyheitsjournalistikk
gjere research og finne relevante muntlege og skriftlege kjelder
gjere kjeldekritiske, etiske og analytiske vurderingar i det journalistiske kjeldearbeidet
praktisere bruk av innsynsretten og bruk av offentleglova
gjennomføre faktasjekk
bruke statistikk og talmateriale i arbeid med journalistiske saker
meistre nyheitsintervjuet
produsere nyheitssaker med godt språk og god flyt
samarbeide godt med andre i det journalistiske arbeidet
Studenten skal kunne
gjennomføre større prosjekt i samarbeid med andre
ta eige ansvar og jobbe sjølvstendig
vurdere idéar ut frå nyheitsverdi og relevans
reflektere over journalistikken sitt objektivitetsideal og journalistikken sin plass i demokratiet
- forelesingar, workshop og seminar.
- gruppearbeid med praktisk nyheitsarbeid i kjeldebruk med rettleiing frå lærar
Studenten skal jobbe i gruppe og gruppa skal saman levere ei felles kvalifisert nyheitssak og ein felles metoderapport. Ramme for oppgåva vert kunngjort i starten av semesteret.
Arbeidskravet skal vere levert til fristar som er fastsatt i undervisningsplanen.
Frammøtekrav:
- deltaking på forelesingar, workshop og seminar
- deltaking i gruppeoppgåver
Arbeidskrav:
godkjent gruppeoppgåve med levering av eiga felles nyheitssak
felles metoderapport
- Journalism - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Eksamen blir avvikla i Inspera | Alle |