Semesters
JOU204 Journalistikk 4
Målet med emnet er å gjere studentane i stand til å ha ei sjølvstendig og analytisk tilnærming til journalistrollen og til journalistisk teori og metode. Emnet byggjer på kunnskap frå dei tidlegare emna. Det er forutsett at denne kunnskapen kan nyttast i eksamenssamanheng.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- har sjølvstendig og kritisk innsikt i nyheitsinstitusjonen og journalistrollen
- har sjølvstendig og kritisk innsikt i journalistisk metode som intervju, observasjon og skriftlege kjelder
- har sjølvstendig og kritisk innsikt i det etiske og juridiske regelverket
- har sjølvstendig og kritisk innsikt i offentleglova og reglar for innsyn har sjølvstendig og kritisk innsikt i nyhende-, kommentar- og reportasjesjangeren
- har sjølvstendig og kritisk innsikt i kjeldearbeid og kjeldekritikk
- har sjølvstendig og kritisk forståing av journalistikkens samfunnsoppdrag
- har sjølvstendig forståing av journalistisk kvalitet
- har kunnskap om kommersialisering, eigarstruktur og medieøkonomi
- kan analysere og reflektere over journalistrolla og kvalitet i eige arbeid
- kan analysere eige og andre sitt journalistiske arbeid og setje det i eigen kontekst
- kan gjere sjølvstendig etiske vurderingar rundt innsamlingsfasen og publiseringsfasen
- kan sjå seg sjølv og sin eigen yrkesutøving i ulike kontekster
- har ei god forståing av yrkesetiske forpliktelsar
Emnet strekkjer seg over to semester og består av forelesingar, seminar og workshops.
Det er obligatorisk deltaking på praksisførebuande kurs. Krav til deltaking vert kunngjort i starten av semesteret.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 4 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Emnet byggjer på kunnskap frå dei tidlegare emna. Det er forutsett at denne kunnskapen kan nyttast i eksamenssamanheng. | Eksamen har eit omfang på 3000 - 5000 ord. |