Semesters

KOH1-110KFK Kunst og handverk 1-10, Trearbeid i framtidsskulen, Kompetanse for kvalitet

Course code: 
KOH1-110KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Autumn
Assessment semester: 
2019 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Godkjend lærarutdanning

Course content

Emnet er eitt av to emne i studieprogrammet Kunst og handverk i framtidsskulen 1-10, Kompetanse for kvalitet.

Studiet skal vidareutvikle studenten som utøvar i, og formidlar av, skulefaget Kunst og handverk, og har som mål å gje konkret og praksisnært læringsutbytte. Gjennom øving av teknikkar, praktisk utforsking og problemløysing, skal studenten utvikle materialforståing og handlag innan materialområdet tre. Studiet skal førebu studenten i å leie elevane i opne og utforskande prosessar, men og i stegvise prosessar med nytenking som mål.

Gjeldande læreplanar, fagfornyinga, fagteori og fagdidaktikk vil saman med studenten sin eigen skulepraksis, og rolla som utøvar, danne refleksjonsgrunnlag i studiet.

Tilbodet vil vektlegge å auke studenten sin profesjonsfaglege digitale kompetanse, ved bruk av ulike digitale læringsressursar, knytt til gjennomføring av studiet, og som verkty i det praktiske arbeidet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om tradisjonelle og utforskande tilnærmingar til tre som material 
  • har kjennskap til trematerialar sine eigenskapar, og moglegheiter for visuelt uttrykk
  • har kunnskap om val av høveleg teknikkar og verkty til konkrete oppgåveløysingar
  • har kunnskap om enkle og tenelege digitale teikneverkty, til bruk i stegvise og skapande prosessar
  • har kunnskap om oppbygging av ein enkel treverkstad, samt kunnskap om stell og vedlikehald av handverkty og maskiner
  • har kunnskap om planlegging, gjennomføring og vurdering knytt til undervisning i tre
Learning outcome skills

Studenten

  • kan legge til rette for og leie eleven sitt arbeid med tradisjonelle, samt utforskande tilnærmingar i tre 
  • kan utforske trematerialar sine eigenskapar, funksjonelt og visuelt
  • kan rettleie eleven i val av høveleg teknikk og verkty knytt til konkrete oppgåveløysingar
  • kan støtte eleven i arbeidet med idéutvikling og skissearbeid ved hjelp av digitale verkty
  • kan planlegge og organisere ein treverkstad, samt vedlikehalde handverkty og maskiner

 

Learning outcome qualification

Studenten

  • kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
  • kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere elevane si personlegdomsutvikling og danning
  • har kunnskap om og kan formidle visuell og materiell kultur som grunnlag for kulturforståing
Working and learning activities

Emnet er nett- og samlingsbasert med to samlingar på Høgskulen i Volda, veke 36 og 46. I tillegg vert det lagt opp til eit nettbasert møte ein time pr. veke.

Samlingane vil sikre at studentane får nødvendig undervisning og rettleiing i praktisk arbeid i verkstadane, erfaring i bruk av handverkty og maskiner, samt kunnskap om varierte arbeidsmåtar og -prosessar, som står sentralt i arbeidet med treundervisning. Mellom kvar samling må studenten pårekne arbeid i treverkstad ved eigen arbeidsplass.

Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytta til studenten si eiga praksiserfaring. Aktiv bruk av digitale verkty og læringsressursar vert vektlagt.

 

 

Assessment requirements

Frammøtekrav: 

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6  (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Arbeidskrav:

To arbeidskrav innleverte innan fastsett frist.

Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Åshild Sævik
Karen Brænne
Janne Heggvoll
Expenses

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 400,- til innkjøp av fellesmaterialar. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt materialar til eige eksamensarbeid.

 

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semesters
Pass / fail
Ei mappe med praktiske arbeid og tilhøyrande fagdidaktiske refleksjonar.
Approval signature: 
Aud Folkestad