Semesters

KOH117 Tekstil - design og redesign

Course code: 
KOH117
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
Assessment semester: 
2016 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

I emnet skal studenten arbeide med framstilling av klær. Å ta vare på den handlingsborne kunnskapen i handverksfaget ut frå kjerneverdiane; tradisjon, fornying, bruk og gjenbruk blir viktige fokus i emnet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har kunnskap om material, teknikk, reiskap
  • kan sjå samanheng mellom material, form og funksjon.
  • har kunnskap om kunst og kulturstoff knytt til kleskulturen
  • kan visualisering av idear, kreativitet og skapande prosessar
  • har kunnskap om didaktisk og metodisk kompetanse for undervisning i fagområdet i skulen slik det framstår i ein verkstadskontekst
  • har kunnskap om gjenbruk og økologisk perspektiv knytt til fagområdet
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan sjølvstendig vurdere og velje ut tenleg material, teknikk og verkty.
  • kan bruke, stelle og vedlikehalde reiskap og tekstilar, samt organisere funksjonelle verkstader  
  • kan utvikle ein idé, planleggje og gjennomføre produksjonsprosessar fram til ferdig form,
  • kan dokumentere, vurdere eigen utøvande prosess og vise praktisk handlag.
  • kan gjere greie for produktet sine kulturelle referansar og nytte dette i eige arbeid.
  • meistrar form- og funksjonsanalyse som verktøy 
  • meistrar planarbeid, oppgåveformulering og vurdering i fagområdet i skulen 
Learning outcome qualification

Studenten:

  • viser forståing for bruk av material og teknikk i eit miljøperspektiv
  • kan utnytte faget sitt potensiale når det gjeld gjenbruk og bærekraftig utvikling
  • kan rettleie og samarbeide med kollegaer for å styrke den praktiske og estetiske dimensjonen i alle fag og i skulen som heilskap
  • kan reflekterer over relevante HMS-tiltak knytte til material og verkstad.
Working and learning activities

Emnet har hovudvekt på praktisk verkstadarbeid og omfattar arbeid med framstilling av klede. Emnet vert innleia med innføring i ulike teknikkar og materialområde med øvingsoppgåver knytt til desse. Emnet blir avslutta med eksamensoppgåve, der studenten dokumenterer utarbeiding av idé, grunngivingar for val av materiale, teknikk og form i høve funksjon. Sjølvvalt kulturhistorisk fagstoff til gjenstandane skal vere ein del av dokumentasjonen. Undervisninga vert organisert som ein kombinasjon av fellesundervisning, sjølvstudium og individuell oppgåveløysing med rettleiing. Det vert forventa at studenten tek ansvar for eiga læring gjennom studentaktive arbeids- og undervisningsformer, og at det blir sett av tid til arbeid med oppgåver i tida utanom vanleg undervisningstid. Studenten får uformell vurdering og rettleiing gjennom samtale med faglærar i verkstadtida. Delar av undervisninga kan bli lagd utanfor høgskulen (ekskursjonar).  Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.

Assessment requirements

Arbeidskrav: Tre arbeidskrav knytta til dei ulike innføringsblokkene må vere innlevert til avtalt tid, og godkjend.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking til all undervisning etter gjeldande reglar for HVO. Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: § 4-6.Obligatorisk frammøte/deltaking, https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4

Evaluation

Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.

Minimum number of students: 
14
Maximum number of students: 
18
Person in charge: 
Sissel Midtlid
Expenses

Kostnader som reiser og inngangspengar må studentane betale sjølve.

Materialavgift kr 1100,-

Used in other programs
  • Design, Arts and Crafts
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade