Semesters
KOH131 Visuell kommunikasjon
Ingen
Visuell kommunikasjon er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i kunst og handverk.
Sentralt i emnet står arbeid med todimensjonal form, og arbeid med ulike reiskapar, materiale og teknikkar. Det vert lagt vekt på formalestetisk kunnskap, der form, farge og teikn er ein viktig del av undervisninga. Studenten utviklar grunnleggjande innsikt i og forståing for visuell kommunikasjon, og for å ta dette i bruk i eige skapande arbeid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om ulike reiskapar, materiale og teknikkar i arbeid med visuell kommunikasjon
- har kunnskap om digitale verktøy i arbeid med visuell kommunikasjon
- har kunnskap om visuell grammatikk og fargelære
- har kunnskap om ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
- har kunnskap om ulike visuelle uttrykksformer.
Studenten:
- kan vurdere bruk av ulike reiskapar, materiale og teknikkar i eige og andre sitt arbeid
- kan vurdere bruk av digitale verktøy i eige arbeid
- kan bruke visuell grammatikk og fargelære i eige arbeid
- kan jobbe bevisst med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
- kan vurdere ulike visuelle uttrykksformer
Studenten:
- har innsikt i og forståing for visuell kommunikasjon i det moderne samfunn
- har innsikt i korleis teknikk, verktøy og materiale påverkar den visuelle kommunikasjonen
- kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og bærekraftig utvikling
Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking til all undervisning etter gjeldande reglar for HVO. Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane.
Arbeidskrav:
- praktiske oppgåver lagt fram i plenum
- ein skriftleg refleksjon på omlag 800 ord
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studentane betaler ei materialavgift på kr 300 til innkjøp av fellesmateriale.
- Design, Arts and Crafts
- Design, Arts and Crafts - bachelor
- Design, Arts and Crafts - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Ei mappe som består av praktiske oppgåver med skriftleg refleksjon. |