Semesters

KOH134 Innføring - handverk og materiale

Course code: 
KOH134
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet Innføring - handverk og materiale er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk. Sentralt i emnet står skapande arbeid med form og funksjon i materialområda tre, tekstil og leire. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har kunnskap om ideutvikling og kreative prosessar i møte med materialområda tre, tekstil og leire
  • har kunnskap om ulike materiale, handverksteknikkar, verkty og maskiner knytt til tre, tekstil og leire
  • har kunnskap om form- og funksjonsanalyse
  • har kjennskap til kunst- og kulturstoff knytt til gjenstandskulturen inan tre, tekstil og leire.
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan planleggje, formgi og gjennomføre idèar knytt til materialområda tre, tekstil og leire
  • kan arbeide med ulike materiale og handverksteknikkar innan tre, tekstil og leire
  • kan bruke og vedlikehalde verktøy og maskiner, alt ut frå eit funksjons- og miljøperspektiv
  • kan gjere greie for ulike produkt sine kulturelle referansar, mellom anna den samiske.
Learning outcome qualification

Studenten: 

  • kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
  • kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt materialområda tre, tekstil og leire
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere til eige personlegdomsutvikling og danning.
Working and learning activities

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av fagteori, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar, praktisk verkstadsarbeid og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studentane får individuell rettleiing undervegs i arbeidsøktene. 

Emnet er organisert i materialområda tre, tekstil og leire. 

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysingar slik at lærar og medstudentar få innsyn i arbeidsprosessane. Studentar som er borte frå undervisinga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråvær.

Arbeidskrav: Oppgåver knytt til dei tre materialområda (tre, tekstil og leire), leverte innan fastsett frist.

Evaluation system
Minimum number of students: 
14
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Cathrine Yksnøy
Expenses

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 900,- til innkjøp av fellesmateriale. 

Used in other programs
  • Design, Arts and Crafts - bachelor
  • Design, Arts and Crafts - year course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Tre praktiske oppgåver
Ein prosessrapport
Approval signature: 
Unni Hagen