Semesters
KOH134 Funksjonell design
Ingen
Funksjonell design er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i Kunst og handverk. Sentralt i emnet står skapande arbeid med form og funksjon i materialområda tre, tekstil og leire.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om ideutvikling og kreative prosessar
- har kunnskap om ulike materiale, handverksteknikkar, verkty og maskiner knytt til materialområda
- har kunnskap om form- og funksjonsanalyse
- har kunnskap om kunst- og kulturstoff knytt til gjenstandskulturen i materialområda
Studenten:
- kan planleggje, formgi og gjennomføre idèar
- kan arbeide med ulike materiale og handverksteknikkar
- kan bruke og vedlikehalde verktøy og maskiner, alt ut frå eit funksjons- og miljøperspektiv
- kan gjere greie for ulike produkt sine kulturelle referansar, mellom anna den samiske
Studenten:
- kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
- kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av fagteori, bruk av digitale læringsressursar, praktisk verkstadsarbeid og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studenten får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.
Emnet er organisert i materialområda tre, tekstil og leire.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).
Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysingar slik at lærar og medstudentar få innsyn i arbeidsprosessane. Studentar som er borte frå undervisinga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråvær.
Arbeidskrav: Godkjende oppgåver frå dei tre materialområda.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.
Materialavgift: Studentane betaler ei materialavgift på kr. 900,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr.
- Design, Arts and Crafts - bachelor
- Design, Arts and Crafts - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Tre praktiske oppgåver med prosessdokumentasjon. |