Semesters
KOMPASS2 Kompetanseutvikling for assistentar i barnehage 2 (KOMPASS)
Kompetanseutvikling for assistentar i barnehagen (KOMPASS 2) byggjer på KOMPASS og er eit studium med vekt på erfaringsbasert læring og arbeidsplassen som læringsarena. Målet med emnet er å utvikle assistenten sin barnehagefaglege kompetanse i kombinasjon mellom teori, nyare forsking og praktisk erfaring. Emnet har også som mål å utvikle medvit om assistenten si eiga rolle og ressursar i barnehagen. Det er ein føresetnad at deltakande barnehagar arbeider med temaet i eigne organisasjonar. Barnehagane og assistentane som deltek på studiet skal i fellesskap arbeide med eigen praksis for å sikre utvikling i organisasjonen.
Studiet kan gjennomførast som etterutdanning utan at ein avlegg eksamen, eller som vidareutdanning og kvalifsering for 15 studiepoeng med skriftleg eksamen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
Kunnskap om barnehagen sitt samfunnsmandat.
Kunnskap om det heilskaplege læringsomgrepet der omsorg, leik, læring og danning inngår.
Kunnskap om kva som kjenneteiknar eit godt psykososialt miljø for barna og korleis ein legg til rette for dette i pedagogisk arbeid.
Kunnskap om inkludering, og om barn med særskilde behov.
Kunnskap om leiken som arena for læring og for å utvikle vennskap med andre barn.
Studenten skal kunne
Ta del i å planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i barnehagen.
Ta del i å fremje prosessar som styrkjar barn si heilskaplege læring og oppleving av meistring.
Ta del i arbeidet for å fremje ein inkluderande kultur i barnegruppa.
Nytte fagleg innsikt og kompetanse i sitt relasjonsarbeid med barna.
Nytte faglig innsikt og kompetanse til å reflektere over planleggjing oggjennomføring av pedagogisk arbeid.
Studenten skal
ha kunnskap og innsikt i barnehageassistenten si yrkesrolle.
utvikle si barnehagefaglege kompetanse.
Studiet vert gjennomført som fire obligatoriske samlingar á to dagar. På samlingane vil arbeidsmåten variere mellom teoriformidling, drøftingar, øvingar, og individuelt og gruppebasert arbeid med praktiske og teoretiske problemområde. Erfaringar frå det daglege arbeidet på arbeidsplassen vert tatt med inn i undervisninga. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper. Mellom samlingane vil det vere arbeid knytt til obligatoriske arbeidskrav. Arbeidskrava baserer seg på studentane si eiga lesing, observasjon, utprøving, praksis i barnehagen, drøfting i nettverksgruppene og rettleiing av rettleiar i barnehagen.
Studenten skal ha rettleiing mellom samlingane. Rettleiar kan vere pedagogisk leiar eller styrar i eigen eller anna barnehage. Det må gjerast avtale om kven studenten skal ha som rettleiar når det vert søkt om plass.
- Obligatorsik frammøte til samlingane
- Deltaking i nettverksgruppe mellom samlingane.
- Rettleiing på arbeidsstad.
- 3 individuelle arbeidskrav:
Arbeidskrav 1: Studenten skal på bakgrunn av observasjon planleggje ein pedagogisk aktivitet for barn. Arbeidet skal munne ut i ein skriftleg pedagogisk plan. Studenten skal legge ved observasjon og logg frå arbeidet i nettverksgruppa.
Arbeidskrav 2: Studenten skal på bakgrunn av ein planlagt pedagogisk aktivitet gjennomføre aktiviteten og dokumentere han med film/lydopptak. Med utgangspunkt i gjennomføring og dokumentasjon skal studenten skrive eit refleksjonsnotat, der han reflekterer over si eiga rolle som leiar for aktiviteten. Omfang: 800 -1200 ord. Studenten skal leggje ved logg frå rettleiinga og arbeidet i nettverksgruppa.
Arbeidskrav 3: Studenten skal med utgangspunkt i observasjonar planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere ein pedagogisk aktivitet med vekt på leik og inkludering. Observasjonar, pedagogisk plan og dokumentasjon skal sendast inn som arbeidskrav 3. Studenten skal leggje ved logg frå rettleiinga og arbeidet i nettverksgruppa. Arbeidskrav 3 skal danne grunnlag for eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med § 12-2. i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | Pass / fail | 2000 ord |