Semesters
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
KUM301 Nasjon, kultur og religion
Ingen.
Emnet tek for seg spørsmål som gjeld kulturelle særpreg og identitetar og diskusjonen kring nasjonale særdrag i vestlege land i nyare tid.
Studiet skal medverke til å utvikle kandidatane si forståing av kulturmøte som eit tverrfagleg forskingsfelt, auke den realhistoriske kompetansen med omsyn til utviklinga av nasjonalismen i europeisk og norsk samanheng, og styrke evna til å analysere kva funksjon og verdi kulturmøte har hatt i denne samanhengen. Målet er elles å gje kandidatane teoretisk og realhistorisk innsikt som kan kome til nytte i kulturmøta i dagens globaliserte samfunn, der behovet for kunnskap innan fagfeltet og evna til dialog er tydeleg til stades.
Emnet vil, saman med dei andre emna i mastergradsstudiet i kulturmøte, bidra til kompetanse i eit breitt spektrum av arbeidslivet – internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti, forskings- og utgreiingsarbeid, i skuleverket, i kyrkja, i arbeid innan media og informasjon, offentleg og privat forvaltning, i museum, bibliotek og arkiv og kultursektoren elles.
Tre faglege hovudperspektiv:
- eit (idé-)historisk, med fokus på framveksten av den europeiske nasjonalitetstanken (’nasjonalismen’) i nyare tid,
- eit (allmenn-)historisk for å kunne undersøke ulike sider av det norske nasjonsbyggingsprosjektet, og
- eit kultursosiologisk og –analytisk for å kunne diskutere tradisjonelle nasjonale, kulturelle og religiøse identitetsfaktorar i lys av globaliseringskreftene i dag.
Emnet er inndelt i tre deler:
Del 1: Nasjon, kulturell identitet og kulturelle grenser:
I dette delemnet skal spørsmål omkring grunnlaget for den moderne vestlege nasjonalstaten, “nasjonalismen”, studerast frå ulike synsvinklar. I eit idéhistorisk perspektiv skal det leggjast særleg vekt på dei oppfatningane som gjorde seg gjeldande i den tyske romantikken, og på korleis desse har lagt grunnlaget for seinare oppfatningar om kulturell identitet og for nasjonalkjensle og nasjonalisme. Frå allmennhistorisk synsstad skal særleg religionen si rolle i utvikling av nasjonalt og kulturelt særpreg studerast. Aktuelle spørsmål kring nasjonale kulturskilnader og det vestlege kulturfellesskapet skal tematiserast på ulik vis.
- Kulturomgrep og kulturanalyse
- Nasjonalismens idéhistoriske røter
- Religion som nasjonal og etnisk identitetsfaktor i nyare tid
- Europeiske nasjonalitetar og vestleg felleskultur
Del 2: Nasjonsbyggingsprosjektet.
Framveksten av “det norske”. I dette delemnet skal ulike sider av “det norske” i etnisk-nasjonal meining studerast. Det skal arbeidast særleg med korleis nasjonalkjensla fekk både religiøse og kulturelle uttrykk. Samstundes skal forholdet mellom storsamfunn og minoritetar, mellom sentrum og periferi, og mellom rikskultur og motkulturar undersøkast. Ulike sider av den norske nasjonsbygginga skal studerast i eit komparativt perspektiv - i forhold til andre nordiske land, t.d. når det gjeld kristendommen og kyrkja si rolle, dei politiske venstrerørslene, norsk egalitet og arbeidarrørsla sin plass i dette biletet.
- Folkeopplysning og rasjonalisme
- Institusjonsbygging: skular og folkerørsler· Norske identitetar. Majoritet, minoritet og motkulturar.
- Demokrati og folkesuverenitet
Del 3: Det nasjonale, det fleirkulturelle og det globale
I dette delemnet ligg hovudvekta på nyare kulturteoretiske og -analytiske perspektiv, der spørsmål omkring det fleirkulturelle samfunnet, det religiøse og livssynsmessige mangfaldet og globaliseringstendensane skal diskuterast.
- Migrasjon og kulturmøte
- Religionsmøte i dag
- Identitet, hybride kulturar, globalisering
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- innsikt dei sentrale omgrepa kultur, religion, nasjon/nasjonalisme, kulturell identitet, globalisering, migrasjon, – og innsikt i sentrale teoriar og analysemodellar der desse omgrepa inngår
- innsikt i nasjonalismens idéhistoriske røter og innsikt i religion som nasjonal og etnisk identitetsfaktor i nyare tid
- innsikt i det norske nasjonsbyggingsprosjektet – folkeopplysing, utvikling av allmennutdanninga, folkerørsler og demokratiet
- styrkt sine føresetnader for å kunna delta i dialog og debatt vedrørande religiøse og ideologiske spørsmål og konfliktstoff på ein konstruktiv måte
Studenten skal ha
- føresetnader for å skrive ei sjølvstendig, kjeldekritisk oppgåve basert på ei gitt problemstilling
- evne til å vurdere og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært innanfor regionen
Studenten skal
- kunne vurdere og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært
- kunna nytte kunnskapane sine på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan forsking, utgreiing, undervisning og formidling om feltet
- ha faglege føresetnader for å leie arbeid med kulturell integrering
Emnet er eitt av to obligatoriske emne i masterstudiet kulturmøte. I emnet vil ein nytte varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. Det blir gjeve konsentrert undervisning i to obligatoriske samlingar om hausten.
Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurdering i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:
Frammøtekrav:
- Delta på dei obligatoriske samlingane
Arbeidskrav:
- Leggje fram eit tekstutdrag frå pensumlitteraturen
- Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve som arbeidskrav, skal ha eit omfang av ca 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
- Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire arbeidskrav, får høve til å forbetre arbeidskravedt til godkjent nivå same semester.
Prosessoppgåva (sjå 2. punkt over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal leverast som eksamensoppgåve, i same semester som arbeidet er utført. Sjå under "Vurderinger". Som endeleg eksamensoppgåve skal den ha eit omfang på ca 4000 ord, sjå under "Vurderingsform".
- Cultural Encounters - master
- Cultural Encounters - master
- Planning and Leadership - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva. | ca 4000 ord med lineavstand 1,5 og ei 12 pkt. skrift | ||
Adjusting oral examination | Individual | 1 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. |