Semesters

KUM306 Masteroppgåve i Kulturmøte

Course code: 
KUM306
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
60
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Assessment semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

KUM302

Course content

Gjennom eiga forsking skal arbeidet med masteroppgåva gje studentane djupare innsikt i teori og metode innanfor kulturhistorieforskinga. Det skal òg gje studentane ei meir sjølvstendig haldning til historiske og andre vitskaplege framstillingar, historisk kjeldemateriale og anna kjelde i tillegg til innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Studentane skal sjølve bruka fagleg teori, metodar og teknikkar i forskningsarbeid.

Masteroppgåva i kulturmøte skal vera ei vitskapleg avhandling som byggjer på eit sjølvstendig studium av kjelder og relevant litteratur.

Masteroppgåva er obligatorisk for mastergradsstudentar, tilsvarar halvparten av mastergradsstudiet og utgjer 60 studiepoeng.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har

  • kunnskap om relevant teoretisk og metodisk basis for vitskapleg arbeid
  • dokumentert evne til å nytte kjeldestudium og relevant litteratur til løysing av ei vitskapleg problemstilling
  • kompetanse til utvikling av og gjennomføring av forskingsprosjekt av større omfang.
Learning outcome skills

Studenten har

  • føresetnader for å skrive ein sjølvstendig, kildekritisk oppgåve basert på ei gitt problemstilling.
  • evne til å vurdera og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært innafor gitte regionar.
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan vurdera og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært
  • kan nytte kunnskapane sine på nye område for å gjennomføra avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan forsking, utgreiing, undervisning og formidling om feltet
  • har faglege føresetnader for å leia arbeid med kulturell integrering
  • kan planleggja og gjennomføra nye FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre
Working and learning activities

Studentar på Mastergrad i kulturmøte har krav på rettleiing i arbeidet med oppgåva. Studentane er òg pliktige til å leggja oppgåva fram for rettleiing under arbeidet med henne. Rettleiinga vil bli regulert gjennom ein individuell rettleiingsavtale. Kandidaten skal i startfasen av arbeidet med masteroppgåva, i samråd med rettleiar, levera ein synopsis/ei prosjektskisse på maksimalt 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift. For arbeidet med og innhaldet i prosjektskissa, sjå emneplan for KUM302. Skissa skal vera godkjend av rettleiar før kandidaten går vidare med masterppgåvearbeidet.

Vi vil tilby skriveseminar for masteroppgåveskriving og det vert forventa at kandidaten tek del på desse seminara, og legg fram delar av oppgåva si til diskusjon her.

Assessment requirements

Ingen.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
1
Maximum number of students: 
15
Person in charge: 
Inger Marie Okkenhaug
Used in other programs
  • Cultural Encounters - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Master's thesis
Individual
2 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva.
35.000 - 40.000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt skrift. Notar, tabellar, bibliografi og vedlegg kjem i tillegg.
Adjusting oral examination
Individual
1 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren.
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 16.04.16