Semesters

KUM308 Migrasjon, kjønn og religion

Course code: 
KUM308
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2018 Spring
Assessment semester: 
2018 Spring
Required prerequisite knowledge

Ingen for studentar på mastergraden i Kulturmøte.Studentar frå andre mastergrader ved HVO, kan søkje om opptak dersom dei har fordjuping i historie eller religion eller tilsvarande bakgrunn innan humanistiske eller samfunnsvitskaplege fag med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp fordjuping i det same faget.

Course content

Menneske har alltid vore på flyttefot, av tvang, av naud eller av fri vilje, på leiting etter mat, tryggleik eller arbeid. Migrasjon er knytt til oppbrot, men fører òg til nye møte mellom menneske og kulturar. I dette emnet studerer vi migrasjon over landegrenser i historie og samtid.
Kjønn og religion er to faktorar som kan ha mykje å seie i migrasjonssituasjonen. Grunnane til og vilkåra for migrasjon kan vere ulike for kvinner og menn. Religion kan vere ei hjelp, men òg ei hindring i dei kulturmøta som oppstår.
Emnet har tre delemne:

  1. Migrasjon som forskingsfelt. Nyare europeisk arbeidsmigrasjon
    Delemnet gir ei innføring i migrasjonsforsking som tverrfagleg forskingsfelt og døme på teoretiske og metodiske innfallsvinklar, med særleg vekt på kva rolle kjønn og religion kan spele i migrasjonssituasjonen. Omgrep som «integrering» og «transnasjonalitet» vil bli belyst ved hjelp av kasus frå forsking på nyare europeisk arbeidsmigrasjon.

  2. Norsk migrasjon til Nord-Amerika 1860-1940
    Delemnet drøfter norsk migrasjon til Nord-Amerika og vil ha fokus på kjønn, religion og arbeid i spesifikke norsk-amerikanske immigrasjonssamfunn. Omgrep som «komplementær identitet», «hybride immigrantkulturar», «integrering» og «transnajonale nettverk» vil bli diskutert i forhold til empirisk materiale.

  3. Tvungen migrasjon. Flyktningar i Europa og Midt-Austen
    Delemnet tar opp dei store flyktningkrisene etter dei to verdskrigane i Europa og set fokus på armenske, palestinske og syriske flyktningar i Midt-Austen. Ein ser på framveksten av eit internasjonalt humanitært regime frå om lag 1900 til i dag og drøftar kva rolle terminologi, definisjonar og internasjonale avtaler speler for rettstilstanden til tvungne migrantar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge
  • har inngåande kunnskap om teoriar og metodar innan historisk og samfunnsvitskapleg migrasjonsforsking

  • har avansert kunnskap om kva kjønn og religion kan ha å seie i migrasjonssituasjonen

  • har spesialisert innsikt i utvalde døme på ulike typar migrasjon i historie og samtid

Learning outcome skills
  • kan vurdere kritisk eksisterande teoriar og empiriske arbeid innan migrasjonsforsking

  • kan nytte relevante teoriar, metodar og kjelder til eige fagleg arbeid på feltet

Learning outcome qualification
  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar

  • kan nytte kunnskapane og ferdigheitene i avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt knytt til migrasjonsforsking eller praktisk arbeid retta mot migrantar

  • kan kommunisere om eige og andre sitt arbeid på fagområdet i undervisning og formidling

Working and learning activities

På emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving.

Assessment requirements

Følgjande sjølvstendige og individuelle arbeidskrav skal gjennomførast:

Frammøtekrav:

  • Delta på ein obligatorisk seminardag og leggje fram eit emne frå pensumlitteraturen

Arbeidskrav:

  • Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.

  • Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.

  • Skrive eit refleksjonsnotat som skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.

Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får "ikkje godkjent" på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.

Prosessoppgåva (sjå 1. punkt over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal leverast som eksamensoppgåve, i same semester som arbeidet er utført. Sjå under "Vurderinger". Eksamensoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.

 

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Inger Marie Okkenhaug
Used in other programs
  • Cultural Encounters - master
  • Cultural Encounters - master
  • Health and Social Sciences - master
  • Planning and Leadership - master
  • Planning and Leadership - master (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva.
Ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
Adjusting oral examination
Individual
1 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren.
Ingen
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 24.02.17