Semesters

LEIBHG2-KFB Barnehagelæraren som leiar av utviklingsarbeid

Course code: 
LEIBHG2-KFB
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

I emnet Barnehagelæraren som leiar av utviklingsarbeid, skal studenten få innsikt i og kompetanse til å fylle profesjonsrolla som utviklingsorientert pedagogisk leiar eller -styrar. Leiing av utviklingsarbeid er hovudtema, og som endringsleiar får studenten innsikt og trening i å gjere utviklingsarbeida meiningsfulle, handterbare og forståelege for heile personalgruppa. I tråd med gjeldande styringsdokument legg studenten tilrette for at barn og foreldre vert medverkande i utviklinga av barnehagen.

I samsvar med føringar i rammeplan for barnehagen skal studenten leie gjennomføringa av utprøvingsfasen og evalueringsfasen av eit utviklingsarbeid i eigen barnehage. Emnet er forskings- og praksisbasert og har aktualitet for studenten sin yrkeskvardag som leiar av grupper barn og personale. Studietilbodet gir studenten støtte i eiga profesjonsutvikling og går inn i måtar å utvikle og vidareutvikle ein lærande barnehage. Eiga barnehagelærarrolle vert utfordra gjennom kritisk refleksjon over eigen praksis. Den samskapande leiarrolla i lærande organisasjonar vert operasjonalisert gjennom møte med studentaktive lærings- og arbeidsformer, forskingslitteratur og møte med barnehageforskarar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har 

  • innsikt i forskingsbasert kunnskap som fremmer barnehagen som lærande organisasjon 
  • grunnleggande forståing for og kunnskapar om barnehagen sine samfunnsmandat og konsekvensane desse har for eiga rolle som profesjonsutøvar
  • avansert kunnskap om organisasjonen barnehage og kan kjenne att utviklingstrekka som støttar og styrkjer profesjonsfagleg utvikling
  • innsikt i og forståing for barnehagelærarrolla som profesjonsrolle, også i opplevd motstand mot endring
Learning outcome skills

Studenten  

  • har kompetanse til å vurdere kvalitetar i og kjenneteikna til gode utviklingsprosessar for barnehagar
  • kan kritisk drøfte og bidra som reflektert fagutviklar i skapinga av aktuelle kompetansebyggjande tiltak
  • har utvikla eigen handlingskompetanse for å styrkje ein inkluderande praksis i barnehagen
  • kan formidle forsking og utviklingsarbeid gjennom sjangeren kronikk
  • kan gjennom kritisk refleksjon av praksis leie kvalitetsutvikling av personalet til profesjonelle, lærande fellesskap
Learning outcome qualification

Studenten kan

  • i eiga yrkesutøving harmonisere omsorg, leik, læring og danning også inn i utviklings- og endringsprosessar
  • nytte profesjonsspråket i møte med personalgruppa, barnehageeigar og barnehagen sine interessentar
  • argumentere for og utfordre barnehagelærarrolla i lys av aktuelle nasjonale og internasjonale endringsprosessar
  • vurdere og drøfte kvaliteten i utviklingsarbeid også ut frå intensjonane om ein styrka inkluderande praksis
  • definere, planlegge for, leie gjennomføringa av og evaluere utviklingsarbeid i barnehagar
Working and learning activities

1. samling: To-dagars samling på Høgskulen i Volda. Personleg frammøte

Mellomarbeid som støttar arbeidet med arbeidskrav 2

2. samling: Digital samling over to dagar

Mellomarbeid som støttar arbeidet med arbeidskrav 3

3. samling:  To-dagars samling på Høgskulen i Volda. Personleg frammøte

Assessment requirements

Arbeidskrav:

  1. Frammøtekrav: 80 % frammøte
  2. Leie gjennomføringa av eit pedagogisk utviklingsarbeid i eigen barnehage
  3. Skrive ein kronikk knytt til eitt av problemområda emnet akualiserer gjennom undervisning og pensum
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Torhild Erika Lillemark Høydalsvik
Used in other programs
  • Management of development work in early childhood education - Competence for the future
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
7 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Approval signature: 
Arne Myklebust