Semesters
LEIBHG2-KFB Barnehagelæraren som leiar av utviklingsarbeid
Ingen.
I emnet Barnehagelæraren som leiar av utviklingsarbeid, skal studenten få innsikt i og kompetanse til å fylle profesjonsrolla som utviklingsorientert pedagogisk leiar eller -styrar. Leiing av utviklingsarbeid er hovudtema, og som endringsleiar får studenten innsikt og trening i å gjere utviklingsarbeida meiningsfulle, handterbare og forståelege for heile personalgruppa. I tråd med gjeldande styringsdokument legg studenten tilrette for at barn og foreldre vert medverkande i utviklinga av barnehagen.
I samsvar med føringar i rammeplan for barnehagen skal studenten leie gjennomføringa av utprøvingsfasen og evalueringsfasen av eit utviklingsarbeid i eigen barnehage. Emnet er forskings- og praksisbasert og har aktualitet for studenten sin yrkeskvardag som leiar av grupper barn og personale. Studietilbodet gir studenten støtte i eiga profesjonsutvikling og går inn i måtar å utvikle og vidareutvikle ein lærande barnehage. Eiga barnehagelærarrolle vert utfordra gjennom kritisk refleksjon over eigen praksis. Den samskapande leiarrolla i lærande organisasjonar vert operasjonalisert gjennom møte med studentaktive lærings- og arbeidsformer, forskingslitteratur og møte med barnehageforskarar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- innsikt i forskingsbasert kunnskap som fremmer barnehagen som lærande organisasjon
- grunnleggande forståing for og kunnskapar om barnehagen sine samfunnsmandat og konsekvensane desse har for eiga rolle som profesjonsutøvar
- avansert kunnskap om organisasjonen barnehage og kan kjenne att utviklingstrekka som støttar og styrkjer profesjonsfagleg utvikling
- innsikt i og forståing for barnehagelærarrolla som profesjonsrolle, også i opplevd motstand mot endring
Studenten
- har kompetanse til å vurdere kvalitetar i og kjenneteikna til gode utviklingsprosessar for barnehagar
- kan kritisk drøfte og bidra som reflektert fagutviklar i skapinga av aktuelle kompetansebyggjande tiltak
- har utvikla eigen handlingskompetanse for å styrkje ein inkluderande praksis i barnehagen
- kan formidle forsking og utviklingsarbeid gjennom sjangeren kronikk
- kan gjennom kritisk refleksjon av praksis leie kvalitetsutvikling av personalet til profesjonelle, lærande fellesskap
Studenten kan
- i eiga yrkesutøving harmonisere omsorg, leik, læring og danning også inn i utviklings- og endringsprosessar
- nytte profesjonsspråket i møte med personalgruppa, barnehageeigar og barnehagen sine interessentar
- argumentere for og utfordre barnehagelærarrolla i lys av aktuelle nasjonale og internasjonale endringsprosessar
- vurdere og drøfte kvaliteten i utviklingsarbeid også ut frå intensjonane om ein styrka inkluderande praksis
- definere, planlegge for, leie gjennomføringa av og evaluere utviklingsarbeid i barnehagar
1. samling: To-dagars samling på Høgskulen i Volda. Personleg frammøte
Mellomarbeid som støttar arbeidet med arbeidskrav 2
2. samling: Digital samling over to dagar
Mellomarbeid som støttar arbeidet med arbeidskrav 3
3. samling: To-dagars samling på Høgskulen i Volda. Personleg frammøte
Arbeidskrav:
- Frammøtekrav: 80 % frammøte
- Leie gjennomføringa av eit pedagogisk utviklingsarbeid i eigen barnehage
- Skrive ein kronikk knytt til eitt av problemområda emnet akualiserer gjennom undervisning og pensum
- Management of development work in early childhood education - Competence for the future
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 7 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |