Semesters
LLY101 Læringsleiing for yrkesfaglærarar
Fullført PPU/yrkesfaglærarutdanning
Emnet utgjer totalt 15 studiepoeng, der 7,5 stp vert teke haust og 7,5 stp vert teke vår.
Læringsleiing for yrkesfag tek føre seg ulike sider ved eleven si læring og korleis læraren kan leggje til rette for eit likeverdig og tilpassa opplæringstilbod for elevar på yrkesfaglege studieprogram. Læraren møter ei mangfaldig elevgruppe, både fagleg, kulturelt og sosialt, og dette stiller store krav til læraren som læringsleiar. Studiet vil særskilt fokusere på utvikling av rettleiings- og relasjonskompetanse, som grunnlag for å fremje læring. Det vil også bli lagt vekt på mangfaldet i elevane sine læreføresetnader, og korleis læraren gjennom metodevariasjon, tilpassing og tilrettelegging kan arbeide for å fremje trivsel, meistring og lærelyst.
Studiet er organisert i 4 modular. Desse er:
1. Psykisk helse og psykososialt miljø
2. Læringsleiing med fokus på djupnelæring og rettleiing
3. Fleirkulturelt mangfald
4. Metodevariasjon som verkty for tilpassa opplæring
Modulane over byggjer på kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for yrkesfag (2013).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har grunnleggjande kunnskap om:
- Relasjonsbygging og gruppeprosessar
- Samspelet mellom risiko- og beskyttelsesfaktorar for psykisk helse
- Læringsleiing i teknologirike klasserom
- Djupnelæring og læringsstrategiar
- Rettleiarrolla i klasserom og verkstad
- Språklege utfordringar for elevar med norsk som andrespråk
- Kulturelt mangfald som utfordring og ressurs
- Yrkesdidaktiske arbeidsmåtar
- Bruk av ulike opplæringsarenaer
Studenten kan:
- Legge til rette for eit godt psykososialt miljø gjennom gode relasjonar til og mellom elevane
- Tilrettelegge undervisninga for elevar med psykiske vanskar
- Stimulere og legge til rette for sjølvregulert læring
- Rettleie eleven gjennom læringsfremjande tilbakemelding
- Tilrettelegge opplæringa for elevar med norsk som andrespråk
- Nytte kulturelt mangfald som ressurs i undervisninga
- Leggje til rette for ei variert og tilpassa opplæring i yrkesfaga, og nytte ulike opplæringsarenaer i yrkesfageleg fordjuping
Studenten:
- Har kunnskap om hjelpetenesta og tverrfagleg samarbeid, og korleis ein saman kan fremje eleven si læring.
- Har kunnskap om fråfall og korleis ein gjennom fagleg og sosial tilpassing kan jobbe for å førebygge dette.
- Kan reflektere over etiske utfordringar i møte med ei mangfaldig elevgruppe
- Kan reflektere over eiga rolle i lærar-elevrelasjonen
- Kan anvende forskingsbasert kunnskap som grunnlag for refleksjon over eiga undervisning
Studiet er organisert i totalt fire (4) modular, der kvar modul inneber ei fysisk samling i Volda og ei undervisningsøkt på nett (Adobe Connect). Alt av undervisning vil gå føre seg på ettermiddag/kveld. Mellom modulane vil det bli rettleiing og noko gruppearbeid via nett. Det er obligatorisk deltaking i all undervisning og arbeid i grupper på studiet. Dette gjeld også dei delane av studiet som går føre seg digitalt. Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. om frammøte/deltaking i undervisninga.
Det vert lagt vekt på at kunnskap er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbytte vert difor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising, diskusjon og refleksjon i gruppe over relevante problemstillingar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk deltaking i all undervisning og organisert studentarbeid på emnet. Dette inneber krav om 80 % frammøte til undervisning på samlingane (både fysiske samlingar og på nett). Kravet til frammøte er heimla i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved HVO § 4.6.2. Fråvær over 20 % kan medføre tap av eksamensrett. Det er studenten sitt eige ansvar å holde seg orientert om fråværet, og emneansvarleg og faglærer fører logg/oppmøteskjema for førelesningane.
Arbeidskrav:
Arbeidskrav skal bidra til studenten sin refleksjon og læring over delemne som er fokus i studiet. Gjennom arbeid med arbeidskrav vert det lagt til rette for at studentane vert aktive og får medansvar for eigen studieprogresjon. Arbeidskrava skal utarbeidast og leverast individuelt. Det er totalt fire (4) arbeidskrav i studiet, knytt til kvar av dei fire modulane. Det er tenkt ein progresjon i arbeidskrava, der studenten går frå å skrive ein rein fagtekst til å reflektere over eiga rolle som rettleiar og læringsleiar. Til slutt skal studenten kunne planlegge, grunngje og gjennomføre eit nytt undervisningsopplegg, for å utvikle og forbetre eigen praksis. Alle fire arbeidskrava må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen (Jmf. § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda).
Arbeidskrav 1: Fagtekst knytt til arbeid med psykisk helse og psykososialt miljø.
Arbeidskrav 2: Refleksjonsnotat knytt til eiga rolle som rettleiar i eleven sin læringsprosess. Utgangspunkt i ein konkret og eigenopplevd rettleiingssituasjon.
Arbeidskrav 3: Rapport over gjennomført undervisningsopplegg med fokus på fleirkulturelt mangfald.
Arbeidskrav 4: Planlegging av eit undervisningsopplegg der ein ny metode vert prøvd ut. Val av metode skal grunngjevast med tanke på tilpassing til elevmangfald.
For alle arbeidskrava vil det bli stilt krav til erfaringsdeling i studentgruppa og/eller kollegiet. Nærare retningsliner for dei ulike arbeidskrava vil bli gitt i undervisningsplan.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av mappeeksamen. Studenten vel ut eitt (1) av dei fire arbeidskrava, og rettleiar/faglærar vel ut eitt (1) som skal inngå i vurderingsmappa til endeleg eksamen. I tillegg skriv studentane ein kort samanfattande tekst på 1000 ord. |