Semesters
MAT115-AVG Begynneropplæring, geometri, statistikk og sannsyn (1-7)
Ingen.
Emnet er andre del av vidareutdanningsstudiet Matematikk 1 for 1.-7. årssteg.
Emnet omfattar matematikkdidaktiske og matematikkfaglege tema som er viktige for alle som skal undervise matematikk på stega 1-7 i grunnskulen. I dette emnet er kjerneelementa «representasjon og kommunikasjon», «resonnering og argumentasjon» og «modellering og anvendingar» sentrale. Kjerneelementa vert knytt til dei ulike kunnskapsområda i emnet:
- begynnaropplæring
- geometri/måling; grunnleggjande figurar, kongruens og formlikskap, romfigurar og avbildingar og symmetri
- sannsyn; sannsynsomgrepet, ulike sannsynsmodellar og kombinatorikk
- statistikk; ulike diagram, mål for spreiing og mål for sentraltendens
- funksjonar; funksjonsomgrepet og lineære funksjonar
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med, særleg talforståing, geometri og måling med vekt på begynnaropplæring.
- har kunnskap i geometri, funksjonar, statistikk, kombinatorikk og sannsynsrekning, og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet på barnesteget
- har kunnskap om betydinga semiotiske representasjonsformer har i matematikk, og kva utfordringar som er knytt til overgangar mellom representasjonsformer
- har kunnskap om språket si rolle for læring av matematikk, og har kunnskap om vanlege interaksjonsmønster og kommunikasjon knytt til matematikkundervisning
- har undervisningskunnskap om betydinga av rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle skulefag
- har kunnskap om å uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykkje seg skriftleg og kunne bruke digitale verkty i matematikkfaget
- har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald i barnehagen og på ungdomssteget, og om overgangane barnehage-skule og barnesteg-ungdomssteg
- har kunnskap om eit breitt metoderepertoar for undervisning i matematikk.
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på barnesteget med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
- har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
- kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis
- kan bruke og vurdere kartleggingsprøver og ulike observasjons- og vurderingsmåtar for å tilpasse opplæringa til elevane sine ulike behov
- kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring
- kan førebyggje og oppdage matematikkvanskar og leggje til rette for mestring hos elevar med ulike typar matematikkvanskar.
Studenten
- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
- viser evne til refleksjon og kritisk tenking
Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettleksjonar vert lagt inn i Canvas, og ei digital plattform vert nytta til eventuelle møte med studentane utanom samlingane. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.
Arbeidsformene er prega av sjølvstendig arbeid med nettleksjonar, oppgåveløysing og drøfting av ny fagleg og fagdidaktisk kunnskap.
Dei to obligatoriske samlingane i Volda er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane (ei i starten av semesteret og ei om lag midt i semesteret) vert gitt i semesterplanen.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.
Arbeidskrav:
- To didaktiske refleksjonsoppgåver. Omfanget på kvar oppgåve skal vere på omlag 1000 ord.
- Ei skriftleg prøve på tre timar. Prøva vert gjennomført på den andre obligatoriske samlinga.
Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
Emnet har ei studieavgift på kr. 5 000,-.
- Mathematics for Teachers 1 - grades 1-7
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Eksamen blir gjennomført i Volda. |