Semesters

MAT115-AVG Begynneropplæring, geometri, statistikk og sannsyn (1-7)

Course code: 
MAT115-AVG
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

Emnet er andre del av vidareutdanningsstudiet Matematikk 1 for 1.-7. årssteg.

Emnet omfattar matematikkdidaktiske og matematikkfaglege tema som er viktige for alle som skal undervise matematikk på stega 1-7 i grunnskulen. I dette emnet er kjerneelementa «representasjon og kommunikasjon», «resonnering og argumentasjon» og «modellering og anvendingar» sentrale. Kjerneelementa vert knytt til dei ulike kunnskapsområda i emnet:

  • begynnaropplæring
  • geometri/måling; grunnleggjande figurar, kongruens og formlikskap, romfigurar og avbildingar og symmetri
  • sannsyn; sannsynsomgrepet, ulike sannsynsmodellar og kombinatorikk
  • statistikk; ulike diagram, mål for spreiing og mål for sentraltendens
  • funksjonar; funksjonsomgrepet og lineære funksjonar
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med, særleg talforståing, geometri og måling med vekt på begynnaropplæring.
  • har kunnskap i geometri, funksjonar, statistikk, kombinatorikk og sannsynsrekning, og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet på barnesteget
  • har kunnskap om betydinga semiotiske representasjonsformer har i matematikk, og kva utfordringar som er knytt til overgangar mellom representasjonsformer
  • har kunnskap om språket si rolle for læring av matematikk, og har kunnskap om vanlege interaksjonsmønster og kommunikasjon knytt til matematikkundervisning
  • har undervisningskunnskap om betydinga av rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle skulefag
  • har kunnskap om å uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykkje seg skriftleg og kunne bruke digitale verkty i matematikkfaget
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald i barnehagen og på ungdomssteget, og om overgangane barnehage-skule og barnesteg-ungdomssteg
  • har kunnskap om eit breitt metoderepertoar for undervisning i matematikk. 
Learning outcome skills

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på barnesteget med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
  • har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis
  • kan bruke og vurdere kartleggingsprøver og ulike observasjons- og vurderingsmåtar for å tilpasse opplæringa til elevane sine ulike behov
  • kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring
  • kan førebyggje og oppdage matematikkvanskar og leggje til rette for mestring hos elevar med ulike typar matematikkvanskar. 
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
  • viser evne til refleksjon og kritisk tenking
Working and learning activities

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettundervisninga vert gitt som nettleksjonar i Canvas supplert med noko undervisning i sanntid i Zoom. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett av god kvalitet, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av utforsking og problemløysing, støtta av oppgåveløysing og drøfting, førelesing og sjølvstudium. Det er ein føresetnad at studentane tek aktivt del i undervisninga både på samlingane og på nettet. Tid for nettundervisninga vert gitt i semesterplanen. Dei obligatoriske samlingane i Volda er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane vert gitt i semesterplanen.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.

Arbeidskrav:

  • To didaktiske refleksjonsoppgåver. Omfanget på kvar oppgåve skal vere på omlag 1000 ord. Ei av oppgåvene vil vere knytt til pedagogisk bruk av digitale verkty.
  • Ei skriftleg prøve på tre timar. Prøva vert gjennomført på den andre obligatoriske samlinga.

Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav.

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Frode Opsvik
Costs

Emnet har ei studieavgift på kr. 4000,-.

Used in other programs
  • Mathematics for Teachers 1 - grades 1-7
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Eksamen blir gjennomført i Volda.
Approval signature: 
Arne Myklebust