Semesters

MAT128-AVG Matematisk utforsking, argumentasjon og bevis (5-10)

Course code: 
MAT128-AVG
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet er andre del av vidareutdanningsstudiet Matematikk 2 (5–10).

Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.–10. årssteg. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å  undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule.

Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. årssteg, og er såleis ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1.

Tema i emnet er mellom anna matematiske bevis, argumentasjon, utforsking i matematikk, matematisk teoridanning med døme henta frå mellom anna geometri, talteori og  matematisk analyse.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har undervisningskunnskap knytt til ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer, og erfaring med matematiske teoribygningar, til dømes anna innan geometri,
    trigonometri, algebra, talteori og matematisk analyse
  • har kunnskap i matematisk analyse og talteori, og kan relatere disse omgrepa til det matematikkfaglige innhaldet i trinn 5-10
  • har kunnskap om den matematiske oppdagingsprosessen, og om korleis ein kan legge til rette slik at elever kan ta del i denne.
Learning outcome skills

Studenten

  • kan bruke matematikkunnskapane sine til å sjå samanhengar i den matematikken som dei skal undervise i skulen
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
  • kan bruke varierte undervisningsformer forankra i teori og eigen erfaring, herunder val, vurdering og utforming av oppgåver og aktivitetar.
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
  • viser evne til refleksjon og kritisk tenking 
Working and learning activities

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettundervisninga vert gitt i Fronter og Adobe Connect (undervisning i sanntid). Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. '

Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av utforsking og problemløysing, støtta av oppgåveløysing og drøfting, førelesing og sjølvstudium. Det er ein føresetnad at studentane tek aktivt del i undervisninga både på samlingane og på nettet. Tid for nettundervisninga vert gitt i semesterplanen.

Dei to obligatoriske samlingane i Volda er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane (ei i starten av semesteret og ei om lag midt i semesteret) vert gitt i semesterplanen.  Emnet har ei studieavgift på kr 4000,-.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.

Arbeidskrav:

Tre innleveringsoppgåver. Arbeidskrava vert presisert og tidfesta i semesterplanen. Pedagogisk bruk av digitale verkty vil inngå i ei av oppgåvene. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav. 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

 

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
 

Minimum number of students: 
1
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Antje Meier
Costs

Kr 4000,-

Used in other programs
  • Mathematics for Teachers 2 - Grades 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
LK06, kalkulator og eitt handskrive A4-ark med eigne notat.