Semesters
MAT128-KFK Matematisk utforsking, argumentasjon og bevis (5–10)
Ingen
Emnet er andre del av vidareutdanningsstudiet Matematikk 2 (5–10), og er reservert for lærarar som er tekne opp gjennom satsinga Kompetanse for kvalitet. Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.–10. årssteg. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule.
Innhaldet er ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1.
Tema i emnet er mellom anna matematiske bevis, argumentasjon, utforsking i matematikk, matematisk teoridanning med døme henta frå mellom anna geometri, talteori og matematisk analyse.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har undervisningskunnskap knytt til ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer, og erfaring med matematiske teoribygningar, til dømes innan geometri,
trigonometri, algebra, talteori og matematisk analyse. - har kunnskap i matematisk analyse og talteori, og kan relatere disse omgrepa til det matematikkfaglige innhaldet i trinn 5-10.
- har kunnskap om den matematiske oppdagingsprosessen, og om korleis ein kan legge til rette slik at elever kan ta del i denne.
Studenten
- kan bruke matematikkunnskapane sine til å sjå samanhengar i den matematikken som dei skal undervise i skulen.
- kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring.
- kan bruke varierte undervisningsformer forankra i teori og eigen erfaring, herunder val, vurdering og utforming av oppgåver og aktivitetar.
Studenten
- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar.
- viser evne til refleksjon og kritisk tenking.
Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Adobe Connect (undervisning i sanntid). Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av utforsking og problemløysing, støtta av oppgåveløysing og drøfting, førelesing og sjølvstudium. Det er ein føresetnad at studentane tek aktivt del i undervisninga både på samlingane og på nettet. Tid for nettundervisninga vert gitt i semesterplanen.
Dei to obligatoriske samlingane i Volda er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane (ei i starten av semesteret og ei om lag midt i semesteret) vert gitt i semesterplanen.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.
Arbeidskrav:
Tre innleveringsoppgåver. Arbeidskrava vert presisert og tidfesta i semesterplanen. Pedagogisk bruk av digitale verkty og utprøving av ny fagleg og fagdidaktisk kunnskap vil inngå i ei eller fleire av oppgåvene. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Mathematics 2 for Teachers Years 5-10, Competence for Quality
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Kalkulator og to handskrevne A4-sider med eigne notat. |