Semesters
MAT153 Abstraksjon og generalisering
Ingen
Tema for dette emnet er abstraksjon og generalisering i matematikkundervisning i grunnskulen. Abstraksjon og generalisering blir særleg knytt opp mot algebra, algebraisk tenking og funksjonar i grunnskulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om abstraksjon og generalisering si rolle i matematikk og i matematikkfaget i skulen
- kunnskap om tidleg algebra, algebra, algebraisk tenking og funksjonar.
Studenten skal kunne
- planlegge undervisning som legg til rette for at elevar får utvikle algebraisk tenking ved abstraksjon og generalisering.
Studenten kan
- bruke både matematikkfaglege og matematikkdidaktiske kunnskapar og ferdigheiter i abstraksjon og generalisering på ein sjølvstendig måte
- vise fagleg engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring knytt til algebraisk tenking.
Studiet er organisert som eit reint nettstudium med både synkron og asynkron nettundervisning. På den synkrone undervisninga er det obligatorisk frammøte. Kommunikasjonen mellom studentar og høgskulen vil for det meste skje gjennom e-læringsverktøy.
Frammøtekrav:
Det er krav om 80% frammøte til den synkrone undervisninga; jf. § 6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha levert og fått godkjent alle arbeidskrav innan fastsette fristar. Arbeidskrava blir spesifisert i semesterplanen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Continued education in mathematics for teachers
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Digital eksamen på nett |