Semesters

MAT159 Modellering og anvendingar

Course code: 
MAT159
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
5
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2027 Spring
Assessment semester: 
2027 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Matematisk modellering inneber å gå mellom den verkelege verda og matematikk, i begge retningar. Dette betyr å skildre fenomen frå den verkelege verda ved å velje eller passande matematiske modellar, men også å tolke og validere resultat av modellen. Matematisk modellering er ein viktig kompetanse for elevar i alle aldersgrupper å lære. Ein viktig grunn til dette er modellering si viktige rolle i å støtte forståing av matematisk innhald. Det kan også skape motivasjon hos elevar. Modellering er også viktig i eit læringsperspektiv; det ligg godt til rette for individuell elevtilpassing og inkludering i dette temaområdet. Temaet vert analysert teoretisk og gjennom praktisk øving.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk modellering brukt som verktøy for å løyse praktiske problemstillingar
  • kunnskap om modellering som ein del av læringsprosessar i matematikk
  • kunnskap om bruk av modellering i matematikkfaget
  • kunnskap om ulike modelleringssyklusar.
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • konstruere, tolke og vurdere enkle matematiske modellar i samband med praktiske problemstillingar
  • bruke modelleringssyklusar til å evaluere eigen og elevar si modellering
  • ta i bruk modellering i undervisning i grunnskulen på ein måte som er fagleg grunngitt.
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • dokumentere og evaluere arbeid med modellering i skulen
  • ta aktiv del i faglege og utdanningspolitiske diskusjonar knytt til modellering.
Working and learning activities

Emnet har ei obligatorisk samling der arbeidsmåtane varierer mellom førelesingar, dialogbasert undervisning, gruppearbeid og seminar. Det vil bli gitt før- og etterarbeid til samlinga. I tillegg vil det vere nettundervisning og lagt til rette for at studentane kan samarbeide på nett. Kommunikasjonen mellom studentar og høgskulen utanom samlingane vil for det meste skje gjennom e-læringsverktøy.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er krav om 80 % frammøte til undervisninga; jf. § 6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav:

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha levert og fått godkjent alle arbeidskrav innan fastsette fristar. Arbeidskrava blir spesifisert i semesterplanen.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Kim André Stavenæs Refvik
Used in other programs
  • Continued education in mathematics for teachers
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Pass / fail
100