Semesters

MEI304 Masteroppgåve i helse og sosialfag - meistring og myndiggjering (30 stp)

Course code: 
MEI304
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Masteroppgåve i helse og sosialfag - meistring og myndiggjering (30 stp)
Teaching semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Masteroppgåve i helse og sosialfag (30 stp)
Assessment semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Dette inkluderer dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperpektivet (MEI301) og Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (MEI302) som må vere fullført med karakteren C eller betre som resultat.Det er eit avgrensa tal plassar på emnet og ved rangering tek ein utgangspunkt i karakterane på dei obligatoriske emna. Deretter blir søkjarane rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterar på alle emna søkjarane har gjennomført i mastergradsstudiet. Ved lik rangering vert det loddtrekking. Masteroppgåve kan ikkje leverast før ein har stått eksamen i Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303).

Course content

MEI304 inngår i Masterstudiet i helse- og sosialfag, Meistring og myndiggjering som skal medverke til utvikling av helse- og sosialfagleg praksis basert på vitskapleg reflektert kunnskap om personar eller grupper med hjelpebehov i helse- og sosialsektoren. Problemstillingane i studiet og dei oppgåvene studentane arbeider med, skal ha ein klar praktisk relevans. Samla vil dette gi auka kompetanse i klinisk arbeid kombinert med FOU-arbeid, undervisning og førebyggande arbeid.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Målet er at undervisninga og rettleiinga skal hjelpe studentane til å skrive ei masteroppgåve som fyller krava til vitskapleg arbeid. Då må dei på ein grunngitt måte velje eit helsefagleg eller sosialfagleg forskingstema og presisere dette temaet til ei forskbar problemstilling. Denne problemstillinga må drøftast med utgangspunkt i relevant litteratur og setjast inn i ei teoretisk fruktbar ramme. Studentane skal velje eit forskingsopplegg som gir relevante data, innsamla og analysert med vitskaplege metodar. Forskingsetiske omsyn skal også tilleggjast vekt. Masteroppgåva skal vere språkleg ryddig og formelt korrekt når det gjeld referansar og kjeldebruk.

Learning outcome skills

Målet er at undervisninga og rettleiinga skal hjelpe studentane til å skrive ei masteroppgåve som fyller krava til vitskapleg arbeid. Det innebærer val av ei forskbar problemstilling, drøfting av problemstillinga i forhold til relevant litteratur, val av teoretisk ramme, datainnsamling og -analyse, og korrekt kildebruk. Forskingsetiske omsyn skal og tilleggast vekt.

Learning outcome qualification

Målet er at studenten skal få kompentanse til å gjennomføre utviklings- og utgreiingsarbeid på eigen hand.

Working and learning activities

Arbeidet med masteroppgåva går parallelt med emnet Forskingsmetode og vitskapsteori, og begge emna strekkjer seg over to semester. Studentane må levere eit oppgåvenotat med søknad om godkjenning av oppgåvetema. Deretter får kvar tildelt ein rettleiar som kan bruke inntil 40 timar på oppgåvelesing og individuell rettleiing. Studentane må presentere arbeidet med oppgåva under metodesamlingane. Oppgåveseminar i samband med masteroppgåva og undervisninga i Forskingsmetode og vitskapsteori er lagt til dei same undervisningssamlingane:

  • Samling 1: veke 35
  • Samling 2: veke 42
  • Samling 3: veke 49
  • Samling 4: veke 4 (2017)
  • Samling 5: veke 10 (2017)

Til den tredje samlinga skal det leverast ein prosjektplan for masteroppgåva. Vidare rettleiing etter tredje samling føreset at prosjektplanen er levert.Det er høve for to studentar til å skrive felles masteroppgåve. Ein forventar at slike oppgåver gjenspeglar ein større arbeidsinnsats enn dei individuelle, og dei kan vere inntil 50 prosent lengre enn angitt ramme for individuelle oppgåver. Når to skriv saman, må studentane levere ei skriftlig erklæring som viser arbeidsdelinga mellom dei og kva deler av oppgåva den enkelte har hovudansvaret for. Studentar som skriv oppgåve saman, går opp til munnleg eksamen kvar for seg.

Assessment requirements

For å levere masteroppgåva til vurdering må studenten ha stått til eksamen i emnet MEI 303 Forskingsmetode og vitskapsteori. Masteroppgåva må vere stått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen. 

Evaluation

Studentane vel tre representantar som saman med dei emneansvarlege utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte i slutten av kvar samling. Emnet vert elles evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Rune Kvalsund
Finn Ove Båtevik
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Master's thesis
Individual
2 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter.
Alle.
Omlag 75 sider (+/- 10%), skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på sider.
Adjusting oral examination
Individual
1 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Munnleg justerande eksamen der masteroppgåva skal forsvarast. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet.
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 15.04.16