Semesters
MGL1-7DKL Digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon
Ingen.
Førsteklassingane i norsk skule møter undervisninga med erfaring frå ulike digitale medium, både når det gjeld bruk, læring og deling. Dette emnet gir ei fordjuping i profesjonsfagleg digital kompetanse og tek for seg korleis skulen og læraren kan møte og ta i bruk desse erfaringane til fagleg og sosial læring, og korleis ein kan utvikle erfaringane gjennom begynneropplæringa og vidare gjennom skuleløpet i takt med elevane si utvikling.
Didaktisk arbeid med digitale og multimediale ressursar utgjer ein naturleg del av læringsprosessane i dag. Mange kan i dag samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i mediekulturen ved hjelp av enkelt tilgjengeleg teknologi. Konsum, produksjon og deling av medieinnhald har vorte ein stor del av barne- og ungdomskulturen. Emnet har eit særleg fokus på profesjonsfagleg digital kompetanse, mediebruk og medieproduksjon for læring knytt til begynneropplæring og årstrinna 1.-7. Gjennom kunnskap og ferdigheiter i korleis ein kan bruke til dømes tekst, lyd, bilete og video, og korleis dei vert produsert og sett saman til meiningsfulle innhald i ulike faglege kontekstar, vert studenten i stand til å bruke og skape relevante multimediale ressursar i læringsarbeidet.
Emnet har følgjande fagområde:
- Profesjonsfagleg digital kompetanse, digital danning og mediepedagogikk
- Medieidentitet og mediekultur blant elevar på 1.-7.trinn
- Undervisningsplanlegging og læringsdesign med multimediale læringsressursar
- Didaktisk medieproduksjon med elevar på 1.-7.trinn
Studenten vil gjennom emnet få ei særleg forståing for korleis ein kan legge til rette for, gjennomføre og vurdere læringsarbeid med eigne og andre sine multimediale læringsressursar i ulike faglege kontekstar, i samarbeid med elevane.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha kunnskap om born sin mediekultur og tidlege digitale og mediale erfaringar, ferdigheiter og danning
- ha kunnskap om produksjonsprosessar i tekst, bilete, lyd, film og multimodale tekstar og digitale læringsverkty.
- ha kunnskap om digital danning, dømmekraft og etikk, mellom anna i sosiale læringsnettverk, kjeldebruk og personvern
- ha innsikt i den digitale kompetansen si rolle i gjeldande læreplanverk, styringsdokument og rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse
- ha innsikt i korleis digitale media kan nyttast til tilpassinga av undervisning til den einskilde eleven sine føresetnadar og behov
- ha innsikt i fagdidaktisk potensiale i og utfordringar ved bruk av digitale media
- vere kjent med, og har forståing for, forsking og utvikling innan medieproduksjon i læring, digitale verkty og mediert digital læring.
- vere kjent med det mediefaglege feltet knytt til mediepedagogikk, mediedidaktikk og ’media literacy’
Studenten skal
- kunne produsere, bruke og evaluere digitale og mediale verkty og ressursar effektivt for nytte i ein læringssamanheng, til dømes bruk av nettbrett, app-ar, bilde, lyd og musikk i begynneropplæringa
- kunne rettleie og vurdere elevane sine medieproduksjonar og multimodale tekstar
- kunne systematisk planleggje, gjennomføre og evaluere digitale arbeidsmåtar gjennom strategisk læringsdesign i undervisning i eigne fag
- kunne identifisere, analysere og kritisk reflektere over moglegheiter og utfordringar knytt til bruk av digitale media i elevane sin læringsprosess
- kunne reflektere kritisk over eigen praksis og justere den under rettleiing
- kunne kritisk lese og ta i bruk kunnskap om relevante resultat frå vitskaplege artiklar og forskingsarbeid i praktiske og teoretiske akademiske oppgåver og gjere grunngjeve val
- vere kjent med forskingsmetodar og kan gjennomføre eit feltarbeid ut frå faga sine premissar.
- ha utvikla analysekompetanse i fagplanarbeid, og har utvikla fagkritisk forståing for å iverksetje læringsarbeid som er i tråd med gjeldande læreplanar
- kunne identifisere og analysere profesjonsfaglege problemstillingar knytt til digitale læringsformer og bruke denne innsikta i eiga undervising og forskings- og utviklingsarbeid
Studenten skal
- ha kunnskap om korleis bruk av medium gir meirverdi i eit arbeid og om læringsprosessar i eit utvida perspektiv
- kunne produsere eigne læringsressursar og legge til rette for, støtte og rettleie elevane i korleis lage ulike mediale produkt.
- kunne planlegge og lage varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller gruppe
- forstå tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, som teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
- kunne utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis.
Emnet kombinerer seminar- og nettbasert læringsarbeid. Studenten må disponere berbar PC og enkelt kamera/videoutstyr (min. godt mobilkamera).
Frammøtekrav:
Obligatorisk oppmøte til undervisning.
Arbeidskrav:
Arbeidsoppgåver gjennom semesteret, også knytt til feltarbeid i praksis, vil inngå i ei arbeidsmappe der alle arbeidskrav skal vere godkjende for å kunne framstille seg til eksamen. Eit utval av desse arbeida vil inngå i eksamensmappa. Studenten kan vidareutvikle arbeida før endeleg eksamensinnlevering.
Eksamensmappa skal innehalde følgjande:
- Presentasjon av nettstad - maks. 2 minutt film/podkast/tekst
- Eit sjølvvalt vekesarbeid frå perioden før praksis
- Praksisoppgåve
- Eit sjølvvalt vekesarbeid frå perioden etter praksis
- Individuell fordjupingsoppgåve
Utstyrskrav:
Studenten må disponere berbar PC og enkelt kamera/videoutstyr (min. godt mobilkamera).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semester | Pass / fail | 100 |