Semesters
MGL1-7KH1A Kunst og handverk 1A
Ingen.
Kunst og handverk 1 gir opplæring innan områda handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing. Dei to emna skal kvalifisere for undervisning i grunnskulen, trinn 1-7. I dette emne, 1A, skal studenten tileigne seg varierte arbeidsmetodar, og ulike materialar, reiskapar og teknikkar, særleg knytt til tre, tekstil og leire. Begynnaropplæring i Kunst og handverk står sentralt
Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av faget, og handlar om organisert læring i kunst og handverk, og teoretiske perspektiv på undervisningsplanlegging og vurdering. Gjennom førelesingar og fagdidaktiske diskusjonar skal studenten utvikle forståing for faget sin relevans i eit samfunnsperspektiv. Perspektiv på korleis faget i grunnskulen også er eit yrkesførebuande fag, skal kome fram. Gjennom studiet er intensjonen at studenten utviklar ferdigheiter som rettleiar for elevane i deira skapande prosessar og læring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om undervisningsplanlegging og tilpassa opplæring i kunst- og handverksfaget, trinn 1-7
- har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skulen sitt kunst- og handverksfag
- har kunnskap om relevante materialar, teknikkar og verkty, analoge og digitale, som særleg høyrer til arbeid med tredimensjonale former
- har kunnskap om korleis lokal kunst- og formkultur kan verte tolka og brukt som utgangspunkt for barn sitt skapande arbeid
- har kunnskap om grunnleggande ferdigheiter i kunst og handverk
- har kunnskap om korleis ein kan vurdere form og funksjon på tredimensjonale former
- har kunnskap om visuelle verkemiddel, og korleis desse påverkar kommunikasjon og funksjon ved eit tredimensjonalt arbeid
- har kunnskap om korleis ulike digitale medie kan bli brukt til faglege føremål, og formidling
Studenten:
- kan bruke faget sitt innhald, arbeidsmåtar og teori i undervisningsplanlegging på ein måte som tek omsyn til tilpassa opplæring
- kan arbeide målretta og grundig med idéutvikling, dokumentasjon og vurdering av eigne skapande prosessar, særleg knytt til arbeid med tredimensjonale former
- kan formidle delar av lokal og nasjonal kunst- og formkultur på varierte måtar, og gjennom dette kunne stimulere eleven sitt visuelle referansegrunnlag og miljøbevisstheit
- kan bruke og vedlikehalde reiskap, apparat og maskiner og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerheit på verkstadane (HMS-rutinar)
- kan organisere utstillingar av elevarbeid og på andre måtar synleggjere faget på ulike arenaer, digitale og analoge
- kan nytte ulike estetiske virkemiddel i arbeid med form og funksjon
- kan nytte og vurdere digital teknologi, læremiddel og læringsressursar for å nå KOH sine kompetansemål og sikre fagleg progresjon
Studenten:
- kan gjere greie for korleis praktisk og skapande arbeid med materialar utfordrar sansar, engasjerer kjensler, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
- ser elevar sine kulturelle skilnader som ein ressurs, og kan utnytte mangfaldet som utgangspunkt for meiningsfulle oppgåver, respekt og anerkjenning
- kan gjere greie for korleis val av materialar, arbeidsformer og tema bidreg til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
- kan generere tverrfaglige arbeidsformer gjennom å invitere andre fag til praktisk, teoretisk og didaktisk samarbeid
- kan bruke gjeldande læreplanar for grunnskulen som utgangspunkt for faglig utviklingsarbeid med ei systematisk og forskingsmessig tilnærming, og kjenne normer for ansvarleg bruk av innsamla informasjon
- kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning i digitale omgjevnader, åleine og i samarbeid med andre
Emnet er i hovudsak konsentrert om praktiske arbeid i ulike teknikkar, materialar og tema der studenten arbeider enkeltvis eller i grupper med faglege problemstillingar. Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing og individuell oppgåveløysing, fellesundervisning og sjølvstudium. Det vert gitt grunnleggjande opplæring i bruk av ulike teknikkar og verktøy som studenten skal meistre.
Undervisninga kan bli lagt til område utanfor campus. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del, må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- Arbeidskrav IA (haust) Praktiske oppgåver. I tillegg leverer studentane ein fagdidaktisk refleksjon knytt til dei praktiske oppgåvene.
- Arbeidskrav IA (vår) Praktiske oppgåver. I tillegg leverer studentane ein prosessrapport knytt til ei av oppgåvene. Prosessrapporten skal også innehalde ein fagdidaktisk refleksjon.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Studentane betaler ei materialavgift på kr 500 til innkjøp av fellesmateriale.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 70 | Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei praktisk mappe med oppgåver frå både haust- og vårsemester. Mappa skal innehalde både praktiske produkt og tilhøyrande prosessdokumentasjonar. Mappa er ei utvikling av innhaldet i arbeidskrava. | |||
Home exam | Individual | 8 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 30 | Digital eksamen. | Ein skriftleg heimeeksamen på 8 timar innan fagdidaktisk teori. |