Semesters
MGL1-7KR1 Kroppsøving 1
Ingen.
Faget kroppsøving for grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen.
Undervisninga i faget skal vere integrert, forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Faget skal gi studenten fagleg, pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, utvikle faget i framtida og ivareta dei kroppslege dimensjonane hjå mennesket.
Studenten skal tileigne seg kunnskap og erfaring om og med undervisning i ulike rørslemiljø som er relevant for trinn 1-7. Kunnskap om kva som fremjar kroppsleg læring, positiv sjølvforståing og rørsleglede er sentralt. Faget skal styrke profesjonsidentitet og studenten sitt arbeid med mangfald og ulikskap i skulen. Undervisninga skal utvikle studenten si lærarkompetanse, individuelt og i samarbeid med andre.
Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 1-7 i grunnskulen. Det vert lagt vekt på kroppsøving som ein del av begynneropplæringa i skulen, og at faget har eit særleg ansvar for allsidig kroppsleg læring og oppleving. Tilrettelegging for leik i varierte former, bruk av nærmiljø og begynneropplæring i rørsle- og kroppsøvingsaktivitetar, står sentralt
Emnet bygger på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studenten får prøve seg i ulike aktivitetsformer og i variert undervisning i kroppsøving, samt reflektere rundt korleis dette er eigna til å fremje kroppsleg læring, positiv sjølvforståing og rørsleglede for alle elevar. Samarbeid med praksisskule er av vesentleg betyding for å nå målsetingane i emnet. Den fagspesifikke kompetanse vert tileigna gjennom praktisk og teoretisk undervisning og profesjonspraksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har kunnskap om kroppsøvingsfaget sitt føremål, eigenart og legitimering til andre skulefag
- har kunnskap om kva som kan fremje rørsleglede for elevar
- har kunnskap om undervisningsplanlegging, -gjennomføring og -evaluering i kroppsøving
- har kunnskap om elevvurdering i kroppsøving
- har kunnskap om leik og rørsleaktivitetar i barn sin oppvekst, kroppsøvingsaktivitetar og tidsaktuelle rørsleformer i barne- og ungdomskultur
- har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hjå eleven
- har kunnskap om dans, basisdugleikar i naturferdsel, symjeopplæring, sjølvberging, livreddande førstehjelp og livberging i vatn og trygg ferdsel på, i og ved vatn ute i naturen
- har kunnskap om reglar og prinsipp i leikar, utvalde ballspell og alternative aktivitetar
- har kunnskap om kroppen som symbol i dagens samfunn med vekt på korleis dette kjem til uttrykk i barnekultur
- har kunnskap om bruk av digital teknologi i idrett og kroppsøving som motivasjon for læring
Kandidaten
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i kroppsøving ut frå lovverk, læreplan og profesjonsetiske retningslinjer
- kan legge til rette for læringssarbeid som kan femje rørsleglede i leik, nærmiljøaktivitet og varierte rørsleformer
- kan vurdere eleven si kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
- kan utvikle og utforska eigne dugleikar og kunnskapar i varierte rørsleaktivitetar med tanke på undervisning i kroppsøving
- kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt
- kan gi opplæring i dans, naturferdsel, symjing, sjølvberging, livreddande førstehjelp, livberging vatn og trygg ferdsel på, i og ved vatn ute i naturen
- kan utføre livbergande førstehjelp og livberging i vatn
- kan gi opplæring om reglar og prinsipp i leikar, utvalde ballspell og alternative aktivitetar
- kan identifisere farer, vurdere og ivareta eleven si sikkerheit i ulike aktivitetar og rørslemiljø
- kan inkludere dei fem grunnleggjande dugleikane på faget sine premissar
Kandidaten
- kan drøfte på kva måte kroppsøving bidreg til eleven si allmenndanning
- kan analytisk vurdere og kommunisere om rørsleaktivitetar og ulike rørslemiljø
- kan kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om kroppsøving og idrett
- kan arbeide med kroppsøving og rørsleaktivitet i tverrfagleg perspektiv
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, digitalt læringsarbeid, multimodale arbeidsformer og arbeidskrav, gruppe- og individuelt arbeid. Praktisk undervisning vil i hovudsak foregå i basseng, ute, i nærmiljø, i sal og på stadion.
Ved digital undervisning i zoom vert det stilt krav om aktiv deltaking.
Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane.
Emnet vil bestå av:
Kurs 1: Undervisninglære
Kurs 2: Motorisk læring
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving:
Kurs 3: Dans
Kurs 4: Naturferdsel i nærmiljøet
Kurs 5: Leik, utvalde ballspel og alternative aktivitetar
Kurs 6: Symjing, sjølvberging og livberging
Frammøtekrav:
Krav om 80 % oppmøte i kurs 1, 2, 3, 4 og 6.
Kurs 5: Ballspel: Ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.
Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.
Arbeidskrav:
Kurs 2. Samarbeid med praksisfeltet. Tilrettelegging av rørslemiljø og observasjon av barn/ungdom i leik og fysisk aktivitet. Godkjent skriftleg innlevering i små grupper 1500 ord (+/- 10%).
Godkjent arbeidskrav/innlevering i kurs 3, 4, 5 og 6.
Godkjent livbergingsprøve i basseng
To godkjente praktisk metodiske oppgåver (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4
400 kr som skal dekkje bruk av utstyr og materiell.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Kurs 1: Undervisningslære | ||
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Kurs 2: Motorisk læring |