Semesters
MGL1-7KR1 Kroppsøving 1
Ingen.
Faget kroppsøving for grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen.
Undervisninga i faget skal vere integrert, forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Faget skal gi studenten fagleg, pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, utvikle faget i framtida og ivareta dei kroppslege dimensjonane hjå mennesket.
Studenten skal tileigne seg kunnskap og erfaring om og med undervisning i ulike rørslemiljø som er relevant for trinn 1-7. Kunnskap om kva som fremjar kroppsleg læring, positiv sjølvforståing og rørsleglede er sentralt. Faget skal styrke profesjonsidentitet og studenten sitt arbeid med mangfald og ulikskap i skulen. Undervisninga skal utvikle studenten si lærarkompetanse, individuelt og i samarbeid med andre.
Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 1-7 i grunnskulen. Det vert lagt vekt på kroppsøving som ein del av begynneropplæringa i skulen, og at faget har eit særleg ansvar for allsidig kroppsleg læring og oppleving. Tilrettelegging for leik i varierte former, bruk av nærmiljø og begynneropplæring i rørsle- og kroppsøvingsaktivitetar, står sentralt
Emnet bygger på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studenten får prøve seg i ulike aktivitetsformer og i variert undervisning i kroppsøving, samt reflektere rundt korleis dette er eigna til å fremje kroppsleg læring, positiv sjølvforståing og rørsleglede for alle elevar. Samarbeid med praksisskule er av vesentleg betyding for å nå målsetingane i emnet. Den fagspesifikke kompetanse vert tileigna gjennom praktisk og teoretisk undervisning og profesjonspraksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har kunnskap om
kroppsøvingsfaget sitt føremål, eigenart og legitimering til andre skulefag
undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer i kroppsøving
kva som kan fremje rørsleglede for elevar
tilpassa opplæring og inkludering i kroppsøving
kroppsleg læring på bakgrunn av motorisk utvikling
samspel, medverknad, likestilling og likeverd i kroppsøving
ulike aktivitetar, idrettar, naturferdsel og trygg og bærekraftig ferdsel
Kandidaten
kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i kroppsøvingsfaget, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov
kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar gjennom varierte aktivitetar
kan gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar
kan fremme kritisk tenking om kroppsideal som kan pårvirke sjølvkjensle, hele, trening og livsstil
kan identifisere farer, vurdere og ivareta eleven si sikkerheit i ulike aktivitetar og rørslemiljø
kan utvikle og utforske eigne ferdigheiter og kunnskapar i varierte aktivitetar
- kan utføre livbergande førstehjelp og livberging i vatn
Kandidaten
kan formidle fagdidaktiske problemstillingar og kritisk reflektere over profesjonsetiske spørsmål
kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis
arbeide tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
kan inkludere dei fem grunnleggjande ferdighetene på faget sine premissar
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, digitalt læringsarbeid, multimodale arbeidsformer og arbeidskrav, gruppe- og individuelt arbeid. Praktisk undervisning vil i hovudsak foregå i basseng, ute, i nærmiljø, i sal og på stadion.
Emnet vil bestå av:
Kurs 1: Undervisninglære
Kurs 2: Motorisk læring
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving:
Kurs 3: Dans, bevegelse til musikk og alternative aktivitetar
Kurs 4: Naturferdsel i nærmiljøet
Kurs 5: Leik, utvalde ballspel og alternative aktivitetar
Kurs 6: Symjing, sjølvberging og livberging
Frammøtekrav:
Krav om 80 % oppmøte i kurs 1, 2, 3, 4 og 6.
Kurs 5: Ballspel: Ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.
Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.
Arbeidskrav:
Kurs 2. Samarbeid med praksisfeltet. Tilrettelegging av rørslemiljø og observasjon av barn/ungdom i leik og fysisk aktivitet. Godkjent skriftleg innlevering i små grupper 1500 ord (+/- 10%).
Godkjent arbeidskrav/innlevering i kurs 3, 4, 5 og 6.
Livbergingsprøve i basseng
To godkjente praktisk metodiske oppgåver (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4
400 kr som skal dekkje bruk av utstyr og materiell.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Kurs 1: Undervisningslære | ||
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Kurs 2: Motorisk læring |