Semesters
MGL1-7MA1B2 Matematikk 1B: Begynneropplæring, geometri og algebraisk tenking
Ingen
Dette emnet er andre del av matematikk 1, den obligatoriske matematikkdelen av grunnskulelærarutdanninga for 1-7. Gjennom emnet får studentane eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på barnesteget, med særleg fokus på begynnaropplæring.
Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 1-7, og matematikkfaglege tema vil vere talforståing, geometri, funksjonsomgrepet og algebraisk tenking. Det blir lagt vekt på korleis ein i begynnaropplæringa kan legge grunnlaget for vidare læring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om begynnaropplæring i matematikk med vekt på at elevane skal utvikle rike omgrepsinnhald og ei funksjonell talforståing
- har kunnskap om matematiske lærings- og utviklingsprosessar i tema som geometri, funksjonar og algebraisk tenking
- har kunnskap om algoritmisk tenking og programmering
- har kunnskap om representasjonsformer, interaksjonsmønster, kommunikasjon og språkets rolle for læring av matematikk og om ulike syn på læring av matematikk
- har kunnskap om bruk og vurdering av ulike læremiddel, som til dømes konkretiseringsmateriell, spel, læreverk, programmeringsverktøy, dynamisk geometriprogram, grafteiknar og andre digitale verktøy
- har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald i barnehagen og barnetrinnet, og overgangen frå barnehage til skule.
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar med fokus på variasjon og elevaktivitet
- kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngjevingar, argument og bevis
- kan kommunisere med elevar, lytte til, vurdere, gjere bruk av elevar sine innspel og stimulere elevane si matematiske tenking
- kan førebygge og oppdage matematikkvanskar og å legge til rette for meistring hos elevar
- kan bruke digitale verktøy i eiga undervisning og i eige studium.
Studenten
- kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte.
Studiet legg opp til varierte arbeidsformer, mellom anna sjølvstudium, individuell rettleiing, didaktisk refleksjon, utforsking, problemløysing og klasseromsdiskusjonar. Arbeidsformene i emnet skal gi studentane høve til å utvikle kompetanse knytt til ulike læringsutbytteformuleringar både munnleg og skriftleg. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane, gjennom engasjement og initiativ, for å fremje eiga og medstudentar si læring.
Frammøtekrav:
- Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.
Arbeidskrav:
- To didaktiske fagtekstar. Omfanget på kvar tekst skal vere omlag 1000 ord og grunnleggjande normer for akademisk skriving skal følgjast.
- Ei skriftleg prøve på 3 timar i matematikkfaglege tema.
Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 67 | |||
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 33 | Nasjonal deleksamen |