Semesters

MGL1-7NO2B Norsk 2B: Språk- og tekstvitskap

Course code: 
MGL1-7NO2B
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
7,5
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2020 Spring
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL1-7NO1A Norwegian 1A: Becoming a teacher in Norwegian: an introduction
MGL1-7NO1B Literacy practices in the early years of school
Course content

I Norsk 2B er hovudvekta lagt på språk- og tekstvitskap. Dette blir knytt saman med språkhistorie, målformene nynorsk og bokmål og norsk som andrespråk. I tillegg vil det bli lagt vekt på utvida kjennskap til den andre leseopplæringa, samt kartleggingsverktøy og nasjonale prøver. Kurset tematiserer også nabospråksforståing og nabospråksdidaktikk og nordisk tekstkultur, og studentane vil få tilbod om ein studietur til Danmark med nettopp nabospråk som tema. Studentane skal arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei gjennom dette arbeidet skal få ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om språkhistorie og didaktikk knytt til nynorsk og bokmål  
  • har omfattande kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
  • har kunnskap om nabospråk og nordisk tekstkultur
  • har brei kunnskap om den andre leseopplæringa og bruk av kartleggingsverktøy
Learning outcome skills

Studenten

  • kan bruke kunnskap om didaktikk for å undervise fleirspråklege elevar
  • har kunnskap om språkhistorie og dialektar og kan nytte nynorsk og bokmål skriftleg og undervise elevar i begge målformer
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante og varierte uttrykksformer 

.

Learning outcome qualification

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule 
  • kan vise faglig engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring
  • kan forholde seg sjølvstendig til forskingsetiske problemstillingar
Working and learning activities

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.

På norsk 2B-emnet ligg også FOU-oppgåva. FoU-oppgåva skal vere eit sjølvstendig individuelt og empirisk retta forskingsarbeid i kombinasjon mellom norsk og pedagogikk og elevkunnskap i tredje studieår. Sjå eigen emneplan for FOU-oppgåva.

Assessment requirements

1. Eit munnleg arbeidskrav knytt til fleirspråkleg opplæring. Arbeidskravet er tverrfagleg med PEL. 

2. Ei vekes opphald på Schæffergaarden i Danmark med kurs i norsk, svensk, dansk språk og litteratur i lærarutdanninga i regi av Fondet for Dansk-Norsk samarbejde. Dersom ein ikkje har høve til å delta på kurset, får studenten eit skriftleg arbeidskrav på inntil 1500 (+/- 10%) ord på bokmål om nabospråk og nabospråksdidaktikk. Det vert elles gitt nærare informasjon om arbeidskrava i semesterplanen.

3. Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisning i tillegg til arbeidskrava

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697

 

Evaluation system
Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Pernille Fiskerstrand
Kristin Kibsgaard Sjøhelle
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Alle hjelpemiddel tillatt