Semesters

MGL1-7PE2 Pedagogikk og elevkunnskap 2: Den lærande eleven i elevmangfaldet

Course code: 
MGL1-7PE2
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2020 Autumn
2021 Spring
Assessment semester: 
2021 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL1-7PE1 Pedagogy and student knowledge 1: The teacher`s facilitation for learning and development
Course content

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning trinn 1-7. Emnet bygger på faget Pedagogikk og elevkunnskap 1, og inneheld 11 stp. pedagogikk og 4 stp. religion, livssyn og etikk.

Emnet tek føre seg elevmangfaldet og tilrettelegging for læringsprosessar for elevar på 1. – 7. trinn. Det er den lærande eleven som er i sentrum, der kvar elev med sine unike personlege, sosiale og kulturelle føresetnader for læring er ein del av ein fellesskap. Forskingsbasert kunnskap om arbeid med inkluderande og tilpassa opplæring, læring individuelt og i samspel står sentralt.

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om

  • sentrale pedagogiske prinsipp for fremjing av inkludering og tilpassa opplæring
  • sosialisering, danning og identitetsutvikling i lys av språkleg, kulturelt, religiøst og livssynsmessig mangfald
  • samarbeid mellom heim og skule 
  • sentrale trekk i religionar og sekulære livssyn som har særleg relevans for skulekvardagen
  • innhaldet i og grunngjevingane for sentrale reguleringar som gjeld elevar og deira rettar
  • elevane si utvikling av motivasjon og sjølvregulering 
  • skulestartarar og skulen si betydning for utvikling av sjølvoppfatning  
  • utfordringar og moglegheiter knytt til tilpassa opplæring for elevar som har lærevanskar
  • skulen i møte med urbefolkning og nasjonale minoritetar 
  • observasjon som forskingsmetode
Learning outcome skills

Studenten kan

  • bruke kunnskap om elevmangfaldet og elevar sine individuelle føresetnader til å skape tilpassa opplæring og inkluderande læringsmiljø
  • planlegge undervisning som fremjar samhandling og respekt på tvers av religiøse og livssynsmessige skilje
  • legge til rette for godt samarbeid mellom skule og heim
  • analysere observasjonsdata og relevant forsking
  • formidle eit samansett fagstoff på ein kvalifisert måte, munnleg, skriftleg og didgitalt
Learning outcome qualification

Studenten kan

  • legge til rette for eit læringsmiljø som fremjar inkludering gjennom fellesskap, deltaking, medbestemming og utbytte for alle elevar
  • bruke kunnskap om kva religion og livssyn har å seie for individ og samfunn i undervisning og i ulike samarbeidsrelasjonar 
Working and learning activities

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesingar som gir faglege innføringar, formidling og seminar med studentaktivitet, rettleiing frå faglærar, arbeid i gruppe og individuelt. Det vert lagt vekt på arbeidsmåtar som gir studentane moglegheit til å utvikle ferdigheiter dei treng i læraryrket, som å analysere, formidle, kommunisere, samarbeide, drøfte og lede.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6

Arbeidskrav:

  • Ei gruppebasert oppgåve knytt til praksis og til munnlege og digitale framstillingsmåtar
  • Eit munnleg, individuelt arbeid knytt til det fleirfaglege temaet “Den fleirkulturelle skulen”
  • Aktiv deltaking i alle seminara som er knytta til arbeidskrava

 

Evaluation system
Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Randi Myklebust
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
60 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Approval signature: 
Arne Myklebust