Semesters
MGL1-7PR4 Praksis 4, 30 dagar
Praksis 4 er på 30 dagar og er fordelt på to praksisperioder på mellom- eller ungdomssteget; 15 dagar i haustsemesteret og 15 dagar i vårsemesteret.
I den siste perioden er ei veke sett av til klasse- eller skuleovertaking.
Studentane skal utvikle ein meir inngåande kunnskap, og sentrale tema for praksisopplæringa er:
- Læreprosessar som fremmer inkluderande klasse- og læringsmiljø
- Tilpassa opplæring i den fleirkulturelle skulen
- Skulen som organisasjon
- Forskings- og utviklingsarbeid ved praksisskulen
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- Har inngåande kunnskap om tilrettelegging av undervisning, arbeidsmåtar og vurderingsformer som fremmer inkluderande klasse- og læringsmiljø
- Har inngåande kunnskap om barn si utvikling, læring og danning i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar og korleis ein kan bruke kunnskap for å tilpasse opplæring til elevar sine føresetnader og behov
- Har inngåande kunnskap om skulen som organisasjon og skulen sitt mandat, verdigrunnlag og plass i samfunnet
- Har kunnskap om barn i vanskelege livssituasjonar og gjeldande lovverk knytt til barn sine rettar
- Har kunnskap om konkret forskings- og utviklingsarbeid i praksisskulen
Studenten
Kan bidra til å utvikle og leie inkluderande, kreative, trygge og helsefremmande læringsmiljø der opplæring vert tilpassa elevane sine behov
Studenten
- Kan initiere til samarbeid og ivareta gode relasjonar med elevar og føresette.
- Engasjerer seg i endringsprosessar og kan bidra til fagleg og pedagogisk nytenking i skulen
- Kan kritisk vurdere eigen og andre sin praksis med grunnlag i teori og forsking
- Kan legge til rette for demokratisk deltaking og ivareta eit berekraftig perspektiv
Felles for alle årssteg:
Studentane vert delte i grupper på tre til fem studentar, og dei er på same praksisskulen og i same klasse gjennom heile studieåret. Kvar gruppe får rettleiing frå praksislærar og faglærar ved høgskulen, og praksislærar gir dagleg før- og etterrettleiing. Studentane samarbeider om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, og fyller ut planlegging- og rettleiingsskjema til timar dei har hovudansvar for. Det er forventa at studentane er aktive i observasjon og rettleiing, også der dei sjølve ikkje har hovudansvar for undervisninga. Det blir nytta digitale rettleiingsverktøy i praksis.
I samband med praksis vert det organisert obligatoriske møte der studentar, praksislærarar og faglærarar ved høgskulen får høve til å møtast for samarbeid om planlegging av praksis og for felles refleksjon etter praksis.
Fjerde studieår:
Fram til skuleovertakinga har studentane ordinær praksis i tillegg til at dei førebur seg til klasse- eller skuleovertaking i samarbeid med praksislærar og skuleleiing. Studentane tek del i skule-heim samarbeid og gjennomfører elevsamtalar for å få tak i eleven si oppleving av både undervisninga og skulekvardagen. I sjølve skuleovertakinga får nokre studentar ansvar for å vere leiarar på skulen.
I fjerde studieår skal både planlegging og gjennomføring av undervisning grunngjevast i forskingsbaserte tilnærmingar, og studentane skal innta forskarblikket og utvikle sin forskings- og erfaringsbaserte undervisningspraksis. I tillegg studentane får studentane kjennskap til korleis praksisskulen arbeider med utvikling og gjer seg nytte av resultat frå relevant forsking.
Vurdering:
Praksislærar har hovudansvar og gjer vurderinga i samråd med faglærar ved høgskulen og rektor ved praksisskulen.
Studentane får:
- Skriftleg midtvegsvurdering etter haustpraksis.
- Skriftleg sluttvurdering etter vårpraksis med karakteren stått/ikkje stått.
Rutiner for ikkje stått:
- Praksislærar nytter eige varselskjema ved fare for ikkje stått.
- Ved ikkje stått får studenten tilbod om å gjennomføre ny praksis på 10 dagar.
- Ved ikkje stått på andre forsøk må studenten normalt avbryte studiet
Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande deltaking på førebuing og etterarbeid vil kunne føre til krav om kompensatorisk arbeid.
I tillegg skal studentane:
- Levere signert midtvegs- og sluttvurdering i Canvas
- Gjennomføre og få godkjent arbeidskrav knytt til praksis.
Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Pass / fail |