Semesters
MGL5-10DKL Digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon
Ingen.
Frå femte trinn og ut ungdomskulen utvidar mediekvardagen til barn og unge seg drastisk, til dømes gjennom bruk av spel og sosiale medium. Dette emnet gir ei fordjuping i profesjonsfagleg digital kompetanse og tek for seg korleis skulen og læraren kan møte og ta i bruk desse erfaringane til fagleg og sosial læring, og korleis ein kan utvikle erfaringane vidare gjennom skuleløpet i takt med elevane si utvikling.
Didaktisk arbeid med digitale og multimediale ressursar utgjer ein naturleg del av læringsprosessane i dag. Mange kan i dag samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i mediekulturen ved hjelp av enkelt tilgjengeleg teknologi. Konsum, produksjon og deling av medieinnhald har vorte ein stor del av barne- og ungdomskulturen. Emnet har eit særleg fokus på profesjonsfagleg digital kompetanse, mediebruk og medieproduksjon for læring knytt til årstrinna 5-10. Gjennom kunnskap og ferdigheiter i korleis ein kan bruke til dømes tekst, lyd, programmering, bilete og video, og korleis dei vert produsert og sett saman til meiningsfulle innhald i ulike faglege kontekstar, vert studenten i stand til å bruke og skape multimediale ressursar i læringsarbeidet.
Emnet har følgjande fagområde:
- Profesjonsfagleg digital kompetanse, digital danning og mediepedagogikk
- Medieidentitet og mediekultur blant elevar på 5.-10.trinn
- Undervisningsplanlegging og læringsdesign med multimediale læringsressursar
- Didaktisk medieproduksjon med elevar 5.-10.trinn
Studenten vil gjennom emnet få ei særleg forståing for korleis ein kan legge til rette for, gjennomføre og evaluere læringsarbeid med eigne og andre sine multimediale læringsressursar i ulike faglege kontekstar, i samarbeid med elevane.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha kunnskap om born sin mediekultur og digitale og mediale erfaringar, ferdigheiter og danning
- ha kunnskap om produksjonsprosessar i tekst, bilete, lyd, film og multimodale tekstar og digitale læringsverkty.
- ha kunnskap om digital danning, dømmekraft og etikk, mellom anna i sosiale læringsnettverk, kjeldebruk og personvern
- ha innsikt i den digitale kompetansen si rolle i gjeldande læreplanverk, styringsdokument og rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse
- ha innsikt i korleis digitale media kan nyttast til tilpassinga av undervisning til den einskilde eleven sine føresetnadar og behov
- ha innsikt i fagdidaktisk potensiale i og utfordringar ved bruk av digitale media
- vere kjent med, og har forståing for, forsking og utvikling innan medieproduksjon i læring, digitale verkty og mediert digital læring.
- vere kjent med det mediefaglege feltet knytt til mediepedagogikk, mediedidaktikk og ’media literacy’
Studenten skal
- kunne produsere, bruke og evaluere digitale og mediale verkty og ressursar effektivt for nytte i ein læringssamanheng, til dømes bruk av programmering og sosiale medium på ungdomstrinnet
- kunne rettleie og vurdere elevane sine medieproduksjonar og multimodale tekstar
- kunne systematisk planleggje, gjennomføre og evaluere digitale arbeidsmåtar gjennom strategisk læringsdesign i undervisning i eigne fag
- kunne identifisere, analysere og kritisk reflektere over moglegheiter og utfordringar knytt til bruk av digitale media i elevane sin læringsprosess
- kunne reflektere kritisk over eigen praksis og justere den under rettleiing
- kunne kritisk lese og ta i bruk kunnskap om og relevante resultat frå vitskaplege artiklar og forskingsarbeid i praktiske og teoretiske akademiske oppgåver
- vere kjent med forskingsmetode og kan gjennomføre eit feltarbeid ut frå faga sine premissar
- ha utvikla analysekompetanse i fagplanarbeid, og har utvikla fagkritisk forståing for å iverksetje læringsarbeid som er i tråd med gjeldande læreplanar, til dømes knytt til valfaget Medium og informasjon og Programmering på ungdomstrinnet
- kunne identifisere og analysere profesjonsfaglege problemstillingar knytt til digitale læringsformer og bruke denne innsikta i eiga undervising og forskings- og utviklingsarbeid
Studenten skal
- ha kunnskap om korleis bruk av medium gir meirverdi i eit arbeid og om læringsprosessar i eit utvida perspektiv
- kan produsere eigne læringsressursar og legge til rette for, støtte og rettleie elevane i korleis dei kan lage ulike mediale produkt
- kan planlegge og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller gruppe
- forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, som teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
- kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
Emnet kombinerer seminar- og nettbasert læringsarbeid. Studenten må disponere berbar PC og enkelt kamera/videoutstyr (min. godt mobilkamera).
Frammøtekrav:
Obligatorisk oppmøte til undervisning.
Arbeidskrav:
Arbeidsoppgåver gjennom semesteret, også knytt til feltarbeid i praksis, vil inngå i ei arbeidsmappe der alle arbeidskrav skal vere godkjende for å kunne framstille seg til eksamen. Eit utval av desse arbeida vil inngå i eksamensmappa. Studenten kan vidareutvikle arbeida før endeleg eksamensinnlevering.
Eksamensmappa skal innehalde følgjande:
- Presentasjon av nettstad - maks. 2 minutt film/podkast/tekst
- Eit sjølvvalt vekesarbeid frå perioden før praksis
- Praksisoppgåve
- Eit sjølvvalt vekesarbeid frå perioden etter praksis
- Individuell fordjupingsoppgåve
Utstyrskrav:
Studenten må disponere berbar PC og enkelt kamera/videoutstyr (min. godt mobilkamera).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semester | Pass / fail | 100 |