Semesters

MGL5-10EN1A Engelsk 1A

Course code: 
MGL5-10EN1A
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Engelsk 1A
Teaching semester: 
2020 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Engelsk 1A
Assessment semester: 
2020 Autumn
Language of instruction: 
English
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Engelsk 1A for 5-10 gir ei fyrste innføring i engelsklæring og engelskdidaktikk. Hovudfokus er ei innføring i rolla som engelsklærar: emnet gir innsikt i og reiskapar til å observere og reflektere over læraren si leiing av læringsprosessar, og val av læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Praksis vil i fyrste året ligge på mellomsteget, og emnet omfattar også ei innføring i kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa, og kunnskap om deira språkutvikling. Emnet omfattar kunnskap om grammatiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit og produktivt ordforråd. Studentane blir også introdusert for engelsk som kulturfag gjennom eit vidt utval av kulturelle uttrykk frå den notidige engelsktalande verda til eigenutvikling og bruk i klasserommet. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • Har grunnleggande kunnskap om barn og unge si språklæring i eit 2. og 3.-språksperspektiv, om metodar og strategiar
  • Har innsikt i gjeldande læreplanverk
  • Har innsikt i arbeidet med å vidareutvikle dei grunnleggjande ferdigheitene
  • Har kunnskap om eit utval av læremiddel og andre ressursar, mellom anna digitale, som kan brukast i opplæringa
  • Har kunnskap om engelske språklege strukturar, med vekt på ordtilfang, ordklasser og syntaks, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
  • Har kunnskap om kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk ved den moderne engelskspråklege verda og fleirkulturelle utrykk, med vekt på demokrati og medborgarskap
  • Har grunnleggande kunnskap om normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern 
Learning outcome skills

Studenten:

  • Kan bruke munnleg og skriftleg engelsk sikkert og sjølvstendig, tilpassa ulike målgrupper og situasjonar
  • Kan aktivt gjere nytte av erfaringane elevane har med engelsk
  • Kan planlegge heilskaplege læringsøkter utifrå ein gitt samanheng
  • Kan velje ut og nytte relevante læremiddel og digitale ressursar
  • Kan bruke kunnskap om engelsk språksystem til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane
  • Kan gjere greie for og analysere kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk frå den notidige engelskspråklege verda
  • Kan leggje til rette for elevane si utforsking av ulike levesett og kulturuttrykk, inkludert situasjonen til urfolk 
  • Kan nytte normene for akademisk tekstproduksjon
  • Kan observere og reflektere over lærarrolla og undervisingspraksis i faget 

 

Learning outcome qualification

Studenten:

  • Kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa elevar på 5.-10. steg
  • Kan reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • Kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle og didaktiske kompetanse 

 

Working and learning activities

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. 

Assessment requirements

a. obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar

b. ei skriftleg oppgåve på 600 ord. Oppgåva skal innehalde ein ferdig utarbeidd plan for ei undervisningsøkt, med eit refleksjonsdokument som reflekterer over metodeval

c. ei innleveringsoppgåve i grammatikk

d. eit utkast på 800-1000 ord til den skriftlege eksamensoppgåva (sjå eksamen). Utkastet til eksamensoppgåva skal vere knytt til moderne engelskspråkleg kultur

e. eit refleksjonsnotat på 200-300 ord. Notatet skal knytast til studentens observasjonar av lærarrolla frå eigen praksis og innehalde refleksjonar over desse

f. ein gruppepresentasjon i kultur

 

Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen 

 

 

 

 

Evaluation system
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Vibeke Jensen
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
34
Alle
1200 ord
Home exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
66
Eksamen vil vere ei prøving både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
Alle
Approval signature: 
Arne Myklebust