Semesters
MGL5-10EN3A Engelsk ordkunnskap og ordlæring
Engelsk ordkunnskap og ordlæring gjev studenten avansert kunnskap i engelsk leksikologi og morfologi: kva ord er, kvar dei kjem frå, og korleis ord er strukturerte. Emnet gir også inngåande kunnskap om engelsklæring og engelskdidaktikk knytt til ordlæring, med vekt på korleis ein kan leggje til rette for og stimulere elevane si utvikling av ordtilfang. Praksisperspektivet er gjennomgåande i emnet. I tillegg bur emnet studenten på sjølvstendig vitskapleg arbeid, både innanfor dette feltet og generelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- Har avansert kunnskap om engelsk leksikologi: ordopphav, -struktur, -tyding og relasjonar mellom ord
- Har inngåande kunnskap om historia til ordtilfanget i engelsk, og korleis dette speglar engelsk språk sitt historiske opphav og multikulturelle posisjon
- Har inngåande kunnskap om morfologisk struktur og mønster i engelske ord
- Har inngåande kunnskap om korleis morfologisk struktur speglar semantisk innhald og kan nyttast til å tolke ukjende ord
- Har avansert kunnskap om tileigning og læring av ordtilfang, med vekt på likskap og skilnad mellom eit første- og andrespråksperspektiv
- Har kunnskap om korleis ord og infomasjom om ord er strukturert og organisert i minnet
- Har inngåande kunnskap om undervisning som legg til rette for tileigning og læring av ordtilfang i eit andrespråksperspektiv, tilpassa ulike elevar sine føresetnadar og behov
- Har kunnskap om profesjonsretta forsking, vitskapsteori, forskingsetikk og forskingsmetodar
Studenten
- Kan reflektere over korleis ein kan bruke identifiserbare morfem til å tolke ukjent ordtilfang
- Kan systematisk øve opp evna hjå andre til å bruke identifiserbare morfem til å tolke ukjent ordtilfang
- Kan planlegge og gjennomføre varierte og forskingsbaserte undervisningsopplegg som legg til rette for elevane si tileigning av ordtilfang
- Kan systematisk og medvite integrere tileigning av ordtilfang i ulike læringsprosessar
- Kan nytte ordtilfanget i engelsk til å synleggjere dei multikulturelle røtene til engelsk språk, og engelsk si rolle som eit verdsomfattande lingua franca
Studenten
- Kan reflektere på eit avansert nivå over eigen praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for på eit teoretisk og erfaringsbasert grunnlag løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
- Kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle, didaktiske, og forskingsretta kompetanse
- Kan forstå og halde seg til normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
- Kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte med evne til refleksjon og kritisk tenking
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg vil det bli brukt ei rekkje digitale læringsressursar.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- halde eit seminarinnlegg over avtalt tema innan leksikologi
- levere ei skriftleg oppgåve på 1200 ord som bygg på seminarinnlegget
- planlegge, presentere få tilbakemelding på og etterevaluere eit undervisningsopplegg relatert til eigen praksis med vokabulartileigning som hovudfokus. Alle steg i prossessen skal dokumenterast skriftleg.
Kvar student har rett til eitt rettleiingsmøte med forelesar.
Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Ei mappe som består av den skriftlege oppgåva på 1200 ord, den skriftlege dokumentasjonen av arbeidet med undervisningsopplegget, og eit refleksjonsdokument på 600 ord | ||||
Adjusting oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Ein munnleg eksamen som går på mappa og pensum | Den innleverte mappa |