Semesters
MGL5-10EN3C Digital kompetanse og vurdering i engelsk
Emnet søkjer å styrke studenten sin profesjonsfaglege didaktiske kompetanse gjennom bruk av digitale teknologiar og vurderingsformer i undervising og læring. Eit overordna mål er at studentane skal bli kompetente, kritiske og kreative leiarar for elevane si læring i engelsk i ein digital skulekvardag. Emnet gir inngåande innsikt i å kunne identifisere, analysere og kritisk reflektere over moglegheiter og utfordringar knytt til bruk av digital teknologi i elevane sin læringsprosess i engelsk.
Emnet vektlegg vurderingskompetanse med fokus på tilbakemeldingar som støttar læring i engelsk. Emnet omfattar ferdigheiter i å kunne på systematisk vis planleggje, gjennomføre og evaluere digitale arbeidsmåtar i eiga engelskundervising. Engelsk er eit verdsspråk som er mykje brukt i digitale medium og kommunikasjonsformer internasjonalt. Gjennom digital fagdidaktisk danning, vurdering og dømmekraft søkjer emnet å gi ei djuptgåande innsikt i elevar si rolle som digitale verdsborgarar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har avansert profesjonsretta kunnskap om bruk av digital teknologi i engelskundervisinga
- har inngåande innsikt i barn og unge si språklæring gjennom digital teknologi
- har inngåande innsikt i digital kompetanse si rolle i gjeldande læreplanverk
- har avansert kunnskap om digitale vurderingsformer og sjølvregulert læring
- har inngåande kunnskap om fagdidaktiske potensial og utfordringar ved bruk av digitale teknologiar
- har inngåande innsikt om korleis digital teknologi kan styrke tilpassinga av elevars føresetnadar og behov
- har inngåande kunnskap om digital danning og dømmekraft, mellom anna i sosiale medium, kjeldebruk og personvern
- har avansert kunnskap om å leggje til rette for meiningsfulle og kommunikative læringsformer ved bruk av digital teknologi i engelsk
Studenten
- kan systematisk planleggje, gjennomføre og vurdere digitale arbeidsmåtar i eiga engelskundervising
- kan utvikle og leie eit trygt læringsmiljø med digitale arbeidsformer, tilpassa ulike målgrupper og situasjonar
- kan kritisk vurdere og ta i bruk digitale ressursar og medverke til at elevar lærer å reflektere over eiga læring og utvikling
- kan identifisere og analysere profesjonsfaglege problemstillingar knytt til digitale læringsformer og bruke denne innsikta i eiga undervising og forskings- og utviklingsarbeid
- kan anvende forskingsbasert engelskopplæring i digital produksjon, samarbeid og vurdering
- kan kritisk anvende prinsipp om elevars språklæring til å kunne identifisere, analysere og vurdere potensial av digitale læringsformer
- kan systematisk vurdere digitale arbeidsmåtar som fremjar elevars språklæring, sjølvregulering og utvikling
Studenten
- kan identifisere, analysere og kritisk reflektere over bruk av digitale teknologiar i elevars læringsprosess, kommunikasjon og produksjon
- kan på systematisk vis planleggje, gjennomføre og kritisk vurdere digitale læringsformer i elevane si språklæring
- kan kritisk reflektere over eiga læring, undervising og forskingsarbeid, og på den måten kunne leggje til rette for elevars eigenvurdering og metarefleksjon av digitale læringsprosessar
- kan nytte avansert fagdidaktisk kunnskap til å kunne styrke læringsfremjande vurderingsformer i engelskundervisinga
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi HVO sine digitale læringsressursar.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- Ei digital arbeidsmappe med seks obligatoriske innlegg (400-500 ord per innlegg)
- To undervisingsopplegg som er relatert studentens eigen praksis
Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Alle. |
• utbetra versjon av tre utvalde arbeid frå den digitale arbeidsmappa (400-500 ord per innlegg)
• utbetra versjon av eitt av dei to undervisingsopplegga
• ein teoretisk metatekst som grunngir utvalet og kommenterer læringsprosessen (800 ord)