Semesters

MGL5-10NO1A Norsk 1A: Innføring i lese- og skriveopplæring, grammatikk, barnelitteratur, munnleg forteljing

Course code: 
MGL5-10NO1A
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

I norsk 1 emne A skal studentane få ei innføring i grunnleggande faglege og fagdidaktiske emne, dei grunnleggande ferdigheitene og omgrep knytt til språk og litteratur, lesing, skriving og munnleg. I tillegg skal studentane utvikle kunnskap om og forståing av læreplanar.

Studentane skal utvikle forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis. Hovudtemaet for praksis første studieår er lærarrolla, kontaktlærarrolla og lærararbeidet, og i norskfaget arbeider studentane mellom anna med den munnlege formidlingsevna til læraren gjennom munnleg forteljing og høgtlesing. Andre sentrale emne er grammatikk og grammatikkdidaktikk, lese- og skriveopplæring på mellomsteget, analyse av og respons på elevtekstar og litteratur for barn og unge. Fokusområdet på emne A er dei utfordringane som er knytt til formidling av norskfaget på mellomsteget.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

* har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk

* har kunnskap om litteraturteori og litteraturdidaktikk

* har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar, med vekt på litteratur for barn

* har kunnskap om ulike tilnærmingar til lesing, skriving og munnleg kommunikasjon på mellomsteget

* har kunnskap språk- og tekstkunnskap i analyse og vurdering av skriftlege elevtekstar og kan gi elevar tilpassa, læringsfremjande respons

* har kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur

* kjenner til forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for norskfaget

Learning outcome skills

Studenten

* kan bruke språk- og tekstkunnskap i analyse og vurdering av skriftlege elevtekstar og gi elevar tilpassa, læringsfremjande respons

* kan analysere språk og språkbruk og gjere greie for faglege val som skal fremme munnleg og skriftleg språkutvikling hos elevar på mellomsteget

* kan analysere litterære tekstar og planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med litteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål

* kan bruke og vurdere relevante metodar i lese- og skriveopplæringa og legge til rette for at elevar på mellomsteget får lese og skrive sak- og fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium

* meistrar skriftleg bokmål og nynorsk og kan undervise elevar i begge målformer

Learning outcome qualification

Studenten

* kan planlegge, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i ulike emne og for elevar med ulik bakgrunn i opplæringa på mellomsteget

* kan legge til rette for at elevane på mellomsteget blir tekstkyndige, trygge språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer

* kan vurdere eigen praksis som norsklærar med utgangspunkt i gjeldande læreplanar og faglege kunnskapar og innsikter

* har god munnleg formidlingsevne

Working and learning activities

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. I samband med grammatikkundervisninga vil studentane møte internasjonale studentar og samtale om språk og språklæring. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Obligatorisk frammøte til all undervisning

Arbeidskrav:

Grammatikkprøve utan hjelpemiddel

Elevtekstanalyse på 2000 ord (+/- 20 %). Elevteksten er henta frå praksisfeltet. Studentane skal arbeide prosessorientert med arbeidskravet.

Munnleg arbeidskrav med respons frå faglærar og medstudentar.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Sofie Emilie Holmen
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Målform: Valfri
Ordliste og utdrag frå læreplanen
Approval signature: 
Anne Øie