Semesters
MGL5-10NO3B Norskfaget, norsklæraren og klasserommet
Emnet tek for seg norskfagets historie med vekt på korleis faget sine målsetjingar, innhald og arbeidsmåtar har endra seg, og korleis den samfunnsmessige konteksten har påverka desse endringane. Tilnærminga legg vekt på legitimeringsspørsmål knytt til norskfaget sitt spenn mellom kunnskap, ferdigheiter, kompetanse og danning. Sentrale emne i studiet er faghistorisk forståing og fagleg debatt, læreplanar og andre normtekstar, læreverk, internasjonale og nasjonale/lokale testar, danning og litterær kanon og morsmålsfaget norsk i eit norsk/nordisk perspektiv. Vidare vert det lagt vekt på korleis arbeid med grunnleggande ferdigheiter, kjerneelement og tverrfaglege tema er sentrale element i norskfaget.
Vurderingsordninga (fagartikkel) gir studentane øving i akademisk skriving på masternivå, og det er såleis ei nyttig førebuing før den større masteroppgåva. Artikkelen er ei fortolkande dokumentanalyse av gjeldande normtekstar i dagens skule (lover, forskrifter, læreplanverk, styringsdokument frå Utdanningsdirektoratet, lokale læreplanar, nasjonale/lokale testar og kartleggingsprøver, læreverk/lesebøker/skuleutgåver av skjønnlitterære verk med meir). Pensum består for ein stor del av fagfellevurderte og forskingsbaserte artiklar som kan fungere som modellar for studentane sitt eige arbeid med ein akademisk artikkel.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har inngåande kunnskap om hovudtrekka i faget si historiske utvikling med vekt på fagets læreplan, læreverk og andre normtekstar
- har inngåande kunnskap om mål, innhald, arbeidsmåtar og vurdering i gjeldande læreplan i norsk med særleg vekt på kjerneelement og grunnleggande ferdigheiter
- kan ta eit særskilt ansvar for å leie inkluderande faglege læringsmiljø som fremjar nyskapande læringsprosessar i grunnskulen
- kan anvende forskingsbasert kunnskap om faglege og fagdidaktiske utfordringar knytte til norskfaget, og om tverrfagleg samarbeid på ein konstruktiv og kritisk måte
- har inngåande forskingsbasert kunnskap om grammatiske og funksjonelle sider ved språket
- har inngåande kunnskap om kanontradisjonar og danningsfaget norsk
Studenten
- kan analysere og vurdere kritisk korleis dagens norskfag er eit resultat av ulike kunnskaps- og danningstradisjonar
- kan utvikle, planlegge, gjennomføre og vurdere norskopplæring med utgangspunkt i gjeldande normtekstar, og i eit mangfaldig klasserom i grunnskulen
- kan anvende kritisk forskingsbasert kunnskap om språket som system, og kunne legge til rette for utforskande arbeid med språk
- kan analysere faglege problemstillingar basert på teoretisk og praktisk kunnskap om lærarprofesjonen, og på norskfaget sin eigenart, verdigrunnlag og historie
Studenten
- Kan ut frå forsking og i lys av fagets historie og norskfaglege normtekstar reflektere kritisk og konstruktivt rundt rolla norskfaget og norsklæraren har og har hatt i skulen
- Kan vurdere eigen praksis som norsklærar i klasserommet og grunngi vurderingane
Emnet vert organisert gjennom ei blanding av undervisning, seminar og andre studentaktive læringsmåtar.
Vilkår for å framstille seg til eksamen
- Krav om 70 prosent frammøte/deltaking i obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
- Studentane skal ha godkjent to individuelle delutkast til ein fagartikkel som til slutt blir levert som eksamen i emnet
- Aktiv deltaking i responsgrupper og skriveseminar
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Fagartikkel (5 000 ord) |