Semesters

MGL5-10NO3C Lese- og skrivekunne

Course code: 
MGL5-10NO3C
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2021 Spring
Assessment semester: 
2021 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL5-10NO2B Norwegian 2B: Language and text perpectives in Norway and Scandinavia
Course content

Emnet tek for seg ulike sider av literacy-omgrepet eller lese- og skrivekunne, og korleis ein kan arbeide forskingsretta og kritisk for ulike elevgrupper i grunnskulen med vekt på norskfaget. Sentrale studiefelt vil mellom anna vere literacy-praksisar, arbeid med lesing og skriving på bokmål og nynorsk, leseforståing og munnleg kompetanse. Forsking på den vidare lese- og skriveopplæringa, arbeid med lesing av multiple tekstar og utvikling av kritisk tenking i norskfaget blir vektlagt.
 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har avansert profesjonsretta kunnskap i norskfaget, og spesialisert innsikt om lesing og skriving i eit multimodalt perspektiv på mellom- og ungdomssteget
  • har inngåande kunnskap om utvikling av munnleg kompetanse på mellom- og ungdomssteget
  • har inngåande profesjonsretta kunnskap om forsking på literacy- og lesing og skriving som læringsreiskapar i norskfaget og tilpassa alle elevar sine føresetnader og behov i eit mangfaldig klasserom
  • har inngåande kunnskap om lesing og skriving som heilskapleg kompetanse: nynorsk og bokmål, hovudmål og sidemål på mellom- og ungdomssteget.
  • kan utvikle kunnskap om korleis elevar handsamar ulike kjelder kritisk på internett og i ulike medium for å fremje djupnelæring
  • har kunnskap om varierte undervisningsmetodar og korleis differensiering og tett oppfølging og progresjon i undervisning kan medverke til elevar si læring
Learning outcome skills

Studenten

  • kan undervise og legge til rette for lese- og skriveopplæring for ulike elevgrupper med vekt på mellom- og ungdomssteget
  • kan utvikle, gjennomføre og evaluere fagleg forankra og forskingsbasert opplæring som sikrar alle elevar sin faglege progresjon innan lese- og skrivefeltet
  • kan vurdere digitale uttrykk kritisk, og bruke ulike kartleggingsverktøy, testar og prøver i lesing og skriving
  • kan reflektere over korleis multimodale ytringar utvidar tekstomgrepet og vilkåra for kommunikasjon og kunne nyttiggjere seg dette i klasserommet
  • kan på avansert nivå nytte læringsorientert vurdering og kan bidra til at elevene lærer å reflektere over eiga læring og utvikling
  • kan på avansert nivå bidra til at elevane lærer å reflektere over eigen læring
  • kan på avansert nivå vurdere digitale uttrykk og ressursar kritisk og bruke dei i opplæringa på måtar som styrkar og utviklar norskfaget
Learning outcome qualification

Studenten

  • Beherskar uttrykksformene til norskfaget på ein avansert og kritisk måte, og kan formidle fagleg avansert forskings- og utviklingsarbeid til ulike målgrupper
Working and learning activities

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar, munnlege presentasjonar og arbeid individuelt og i mindre grupper.
 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

Førebuing til og gjennomføring munnleg presentasjon på 15 min. av ein sjølvvald artikkel frå litteraturlista. Studenten skal presentere og reflektere over artikkelen i lys av eigen praksis og/eller anna faglitteratur. Det skal også leverast ein skriftleg tekst i form av støtteark eller ein power point som støtte til den munnlege presentasjonen som også blir vurdert til stått/ikkje stått. I tillegg skal studenten vere opponent til ein medstudent sin presentasjon og kommentere og reflektere kritisk konstruktivt gjennom munnleg og skriftleg respons.

Det vil bli gjort greie for detaljane i arbeidskravet i eit eige notat som blir utlevert ved studiestart.
 

Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Wenke Mork Rogne
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
2 Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Individuell 2 vekers heimeoppgåve på 4000 ord knytt til teori og didaktisk refleksjon. Studentane skal skrive på nynorsk.
4000 ord
Approval signature: 
Arne Myklebust